# (Kryss) er i musikken eit forteikn som vert bruka for å markere at etterfølgjande tonar skal bli heva eit kromatisk halvtonetrinn. x (dobbeltkryss) markerer at etterfølgjande tonar skal bli heva to kromatiske halvtonetrinn. Verknaden av slike forteikn rekk til første etterfølgjande taktstrek eller innan ein bindeboge.

Teikna er utvikla frå noteteikna og h i kyrkjetoneartane, der tonen B fanst i to variantar, den lågare mjuke og den høgare harde b. For å skilje dei to tonane, vart teiknet for den harde (høgare) b teikna meir likt vår h. Teiknet kom med tida til å bli bruka generelt for å vise at ein tone skal bli senka eit halvt trinn. Teiknet h utvikla seg til teikna # og eit oppløysingsteikn som opphever verknaden av eit tidlegare # eller .

Kjelder endre