Kryssinga av Düna

Kryssinga av Düna den 9. juli 1701 var ein svensk invasjon av Det polsk-litauiske samveldet etter at svenskane hadde sigra ved Narva seint i 1700. Den svenske kongen Karl XII var på jakt etter syskenbarnet, kong August II den sterke av Polen og Sachsen. Slaget vart ein stort svensk triumf og kryssinga gjekk lett. Dei fiendtlege soldatane vart raskt broten ned og spreidd under tilbaketrekkinga.

Kryssinga av Düna
Del av den store nordiske krigen

Svensk bombardement av Dünamünde
Dato 9. juli 1701
Stad Riga i Livland
Resultat Avgjerande svensk siger
Partar
 Sverige  Sachsen
Det polsk-litauiske samveldet
Kommandantar
Karl XII August II av Polen
Adam Heinrich von Steinau
Styrkar
7 000 i det første åtaket 10 000 polakkar
9 000 saksarar
Tap
100 mista livet - 400 skadde 2 000 mista livet

Slaget starta morgonen den niande. Den saksisk-polske armeen bestod av om lag 19 000 mann kommandert av den saksiske generalfeltmarskalken Adam Heinrich von Steinau. I det første åtaket kryssa om lag 7 000 svenskar Düna (Daugava), med støtte av tungt væpna skip, som i ly av røyk hadde klart å segle opp elva. Svenskane starta eit overraskingsåtak på dei polske og saksiske styrkane som hadde leir på den andre sida av Düna (Daugava) på Spilve-engene. Etter kvart som røyken forsvann, vart saksarane klar over kva som var på gang og gjekk med ein gong til motåtak. Den svenske styrken, personleg kommandert av kongen, trekte seg ikkje attende. Etter ein kort stillstand, klarte svenskane å danne formasjonen sin på ny og starta eit andre åtak. Etter to timar var slaget vunn. Den svenske armeen hadde klart å krysse elva og saksarane var i tilbaketrekking.

Under slaget vart det nytta små lekterar væpna med kanonar, så svenskane nytta både styrkar til lands og til sjøs, i tillegg til list (røyk) for å oppnå ein makelaus siger, som var nøye planlagt og godt utført.

Etter slaget fall Kurland til Sverige, og Karl XII og armeen hans marsjerte til Bauska, der armeen vart verande fram til 11. august.

Kjelder endre

Den store nordiske krigen