Kubismen var den fyrste abstrakte kunstretninga på 1900-talet. Den vart namnsett av kunstkritikaren Louis Vauxcelles i 1908 etter ei utsegn av Henri Matisse om «Braques små kubar». Blomstrinsgsperioden for stilretninga var 1907 til 1914, og denne vart framdriven av Pablo Picasso og Georges Braque. Som kunstretning vart den definert av Guillaume Apollinaire.

Robert Delaunay: Simultane vindu over byen, 1912
Juan Gris: Mann på kafé, 1914
Wotrubakirche i Wien er bygt i ein kubistisk stil.
Le Corbusier: Forsamlingshus i Chandigarh i India

Dei fyrste kubistiske verka framstiller stoff, menneske og landskap som fleirsidige, faste og kroppslege. Verk av den eldre Paul Cézanne utløyste denne typen måleri som vart kjende for kubistane gjennom ei utstilling av verka hans, etter han døydde i 1906. Cézanne sitt råd til Émile Bernard om å behandle naturen ved hjelp av «sylinderen, sirkelen og terningen» vart eit varsel om dei kubistiske eksperimenta. Kvinne med gitar av Picasso er eit tydeleg døme på denne fasen av kubismen.

Braque og Picasso gjekk så over til ei meir todimensjonell, abstrakt form. Der vart det lagt meir vekt på sjølve det overgripande mønsteret, og motivet er heilt eller delvis umogleg å skilje ut, såkalla hermetisk kubisme. I denne perioden brukte dei knapt fargar i verka sine, som i hovudsak var einsfarga i grå, blå, brune og kvite fargrtonar. I kubismen sin sluttfase, kalla den «syntetiske», grunna kombinasjonen av abstrakte former og verkelege materialar, kom fargane tilbake.

Mange andre kunstnarar arbeidde i den kubistiske stilen, som etter 1905 erstatta fauvismen som den leiande retninga i Paris. Viktigaste bidraga kom frå Juan Gris og Fernand Léger, men også Albert Gleizes, Jean Metzinger, André Derain, Othon Friesz, Roger de la Fresnaye og Louis Marcoussis kom med verknadshistoriske verk. Mellom dei kubistiske skulptørane fann ein Alexander Archipenko og Henri Laurens.

Kubismen stimulerte futurismen i Italia, vorticismen i England og påverka ekspresjonismen i Tyskland. Vidare var kubismen ein viktig forgjengar til andre rørsler som søkte mot abstrakte uttrykk, til dømes konstruktivismen og suprematismen i Russland og De Stijl i Nederland. I Paris utvikla kubismen seg langs to hovudlinjer, dels mot ein dekorativ stil der stoffet vert handsama geometrisk men vert verande gjenkjenneleg, dels mot ein høgre grad av abstraksjon som i Robert Delaunay sine rytmiske måleri av farga segment og sirklar (orfisme).

Kubismen har sidan hovudåra 1907-14 verka inn på kunsten. Amédée Ozenfant og arkitekten Le Corbusier prøvde å vende tilbake til ei forenkla, reinare kubisme, men omkring 1920 hadde kubismen allereie vorte så innvevd i det allmenne kunstuttrykket at den ikkje kunne avgrensast til den forma for purisme. Kubistiske idéar og teknikkar vert i dag nytta i mange typar biletuttrykk, særleg i collaget som vart skapt i kubismens syntetiske periode.

Målarar som vert knytt til kubismen endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kubisme