Kudos, frå gresk κύδος kydos, bokstaveleg 'det som er høyrt om', er eit ord som spesielt vert bruka innan nettsjargong for å gje ros eller lovord for ei handling.[1]

Ordet vart bruka i engelsk studentslang tidleg på 1800-talet. Etter siste sekelskifte er ordet òg bruka på norsk, spesielt innan nettsjargong, ofte synonymt med poeng når brukarar skal evaluere kvarandre.

I samanheng med artiklar som gjeld nettfenomen, er uttrykket òg bruka i norsk avisspråk.[2]

Referansar endre

  1. http://plinius.wordpress.com/2007/10/11/p-24307/ P 243/07: Nytt fra nord
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. juni 2008, henta 17. februar 2008