Ei kuldebølgje er eit vêrfenomen som inneber kald luft over store område. Det kan òg vere ein lang periode med svært kaldt vêr, i tillegg til at det kan vere kraftig vind som fører til stor vindavkjølingseffekt som gjer at temperaturen kjennest lågare enn den er. Før ei kuldebølgje eller i samband med den kan ein av og til få snøstorm eller underkjølt regn.

Konsekvensar endre

Ekstrem og særleg uventa kulde kan føre til hypotermi og frostskadar. Dei kan føre til at buskap og dyreliv vert skada eller mistar livet. Kulde fører til at dyr, inkludert menneske, treng fleire kaloriar, og visst ei kuldebølgje oppstår i samband med kraftig snøfall kan det verte vanskeleg for dyr som er avhengig av gras å nå maten dei treng, og dei kan døy av hypotermi eller svolt.

Ekstrem vinterkulde kan føre til at dårleg isolerte vassrøyr og hovudleidningar frys, sjølv innandørs. Vatn utvidar seg når det frys og kan føre til store vasskadar når isen smeltar og vatnet får renne fritt. Etterspurnaden for elektrisk straum eller gass aukar kraftig under kuldebølgjer. Vatn kan fryse til slik at ein ikkje får produsert straum ved hjelp av vasskraft. Enkelte metall vert skjøre i låge temperaturar. Køyretøy kan bryte saman visst det manglar frostvæske og motorolje tjuknar.

Brannar kan paradoksalt nok vere ein større fare enn vanleg i ekstrem kulde. Sidan vassrøyrledingar og vasskjelder er meir upålitelege kan brannslukkingsarbeid verte vanskeleg. Kuldebølgjer oppstår ofte i samband med temperaturinversjonar og høgtrykk, og dette fører til at lufta har ein større tettleik enn vanleg. Dette gjer at brannar kan bli meir intense fordi det er meir oksygen i lufta.

Kva som blir rekna for ei kuldebølgje varierer frå stad til stad. Låge temperaturar for eit område, kan vere heilt normale i andre område. Område med subtropisk klima kan oppleve temperaturar rundt frysepunktet som ei kuldebølgje. I slike område er planter og dyreliv mindre tolerant for slik kulde som sjeldan oppstår. Temperaturar som ein t.d har i Bayern i Tyskland hadde vore katastrofale for vinteravlingar i Sør-Italia. I tillegg er bygningar i subtropiske og tropiske område vanlegvis ikkje isolerte for låge temperaturar, og dette kan i visse tilfelle få alvorlege konsekvensar for innbyggjarane. Sibir og store delar av Canada er område av verda som får svært kaldt vêr kvar vinter, men her er bygningar dimensjonert for slike forhold.

Kuldebølgjer tidleg på våren på midlare breidder kan ta livet av planter før dei har vekse seg store nok til å bli hausta. Dette kan føre til store økonomiske tap og matmangel. Eit meir ekstremt tilfelle er 1816, som er kalla «Året utan sommar», i tillegg til fleire år på 1810-talet der svært kalde somrar førte til at avlingane ikkje voks opp. Årsaka til dette var kraftige vulkanutbrot som reduserte solinnstrålinga.

Forholdsreglar endre

I enkelte område (som Sibir) fører ekstrem kulde til at maskinar som går på brennstoff må haldast i gang kontinuerleg og folk kan ofte la springvatnet renne kontinuerleg. Dette er for å hindre at indre røyrleidningar skal øydeleggast. Folk, og særleg eldre og fattige, kan samlast i offentlege tilfluktsrom for å spare energi. Heimlause har vorte arrestert på falske grunnlag og tatt til tilfluktsrom, for så å bli sett fri når kuldebølgja er over.

Folk kan hamstre mat, vatn og andre nødvendige ting før kuldebølgja slår til, og enkelte kan til og med flytte til mildare klima under vinteren.

Avlingar kan sprøytast med vatn, slik at det frys på plantene. Dette kan faktisk redde avlingane, fordi frysinga frigjev varme som vernar plantene.

Moderne kuldebølgjer endre

  • 2005/2006 fekk Aust-Europa ein av sine kaldaste vintrar nokon gong.
  • I februar 1996 sette fleire amerikanske statar nye kulderekordar under ei kraftig kuldebølgje.

Sjå òg endre