Kumanovo (makedonsk Куманово, albansk Kumanovë) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia. Byen er den tredje største byen i Nord-Makedonia etter Skopje og Bitola, medan kommunen Kumanovo er den nest største i landet etter Skopje. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kumanovo og Orasjats, samstundes med at sju landsbyar vart overførde frå den tidlegare kommunen Kletsjevtse.

Kumanovo
Куманово
Kumanovë
Frå sentrum av Kumanovo
Frå sentrum av Kumanovo
Frå sentrum av Kumanovo
Byvåpenet til Kumanovo
Byvåpenet til Kumanovo
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Nordaust
Først nemnd i 1519
Borgarmeister Zoran Damjanovski
Geografi
Flatevidd 509,48 km²
Flatevidd
 - By

509,48 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

98 104
  192,6/km²
Koordinatar 42°8′9″N 21°43′5″E / 42.13583°N 21.71806°E / 42.13583; 21.71806
Høgd over havet = +340 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1300
Telefon-retningsnummer 389 031
Heimeside: www.kumanovo.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Kumanovo i Nord-Makedonia
Plasseringa til Kumanovo i Nord-Makedonia
Plasseringa til Kumanovo i Nord-Makedonia

Kommunen har eit areal på 509,48 km2 og hadde 98 104 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 105 488 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Kumanovo hadde 103 205, medan sjølve byen hadde 70 842 innbyggjarar.[3]

Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust.

Historie endre

Området har vore busett sidan førhistorisk tid, men sjølve byen vart først nemnd i 1519 då byen var ein del av Det osmanske riket

Kumanovo vart ein urban busetnad og eit administrativt senter i regionen på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Etter fleire turbulente periodar stagnerte byen i ein periode.

Ein stor opprørsleiar kalla Karpoš vart fødd i landsbyen Vojnik nær Kumanovo. Han var opphavleg ein vasall under tyrkarane, men då Det osmanske riket byrja å verte svekt i 1689 og misnøya auka på grunn av dei harde skattane, vart Karpoš eit vendepunkt i slaget mot tyrkarane. I denne perioden gjekk Austerrike til åtak på Det osmanske riket og Karpoš utnytta situasjonen og opprøret spreidde seg og byane Kratovo, Kriva Palanka, Kumanovo, Kaçanik og andre vart sette fri. I lag med den austerrikske hæren, leia av keisar Leopold I, kjempa dei for å setje fri Skopje og Sjtip. Etter kvart endra den politiske og militære situasjonen seg på Balkan og austerrikarane måtte trekke seg tilbake. Osmanarane slo så ned opprøret, Karpoš vart fanga, flytta til Skopje og avretta ved steinbrua over Vardar.

Byen utvikla seg økonomisk seint på 1800-talet, men den industrielle utviklinga byrja først etter den andre verdskrigen.

Busetnader i kommunen endre

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
Kumanovo 70 842
Karposj 5 433
Tsjerkezi 3 741
Romanovtse 2 794
Lopate 2 448
Bedinje 2 327
Proevtse 2 311
Dobrosjane 1 655
Tromegja 1 298
Dolno Konjare 1 286
Biljanovtse 1 231
Gorno Konjare 1 136

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Referansar endre