57°52′11.849″N 11°57′58.216″E / 57.86995806°N 11.96617111°E / 57.86995806; 11.96617111

Bohus festning
Kungälv kyrkje
Västra gatan
Kastellegården
Ytterbyvägen

Kungälv er ein svensk by i Västra Götaland i Bohuslän. Byen er administrasjonssenter for Kungälvs kommun. Det er den sørlegaste byen i Bohuslän, grunnlagt i 1612 som erstatning for 1100-talsbyen Konungahelle, seinare Konghelle, som låg lenger vest, kanskje der Ytterby ligg i dag. Kungälv er den viktigaste tettstaden i Kungälvs kommune. Byen ligg ved Nordre älv der denne skil lag med Göta älv, og han vert delt av E6.

Kommunen har 37 191 innbyggjarar (2001). Byen har 20 500 innbyggjarar.

Kungälv vart flytta av kong Christian IV til Bagaholmen, no Fästningsholmen, inntil Båhus festning. Sidan har han ekspandert vestover langs Västra gatan, som er kjend for sin godt verna småbybusetnad. Det moderne sentrumet til byen blir kalla på folkemunne Västra tullen, sidan det opphavleg låg ved bygrensa mot vest. Tettstaden har enno å ekspandere vestover og har vekse saman med stasjonsbyen Ytterby, som ligg ved Bohusbanan.

Omkring 1900 vart Kungälv styrkt som sentrum for dei kringliggande landkommunane med lenssjukehus og gymnas. Frå 1970-talet minka Kungälvs rolle som skulesenter for nabokommunane.

Kungälvs industriepoke byrja i 1875 med eit glassverk, som vart nedlagt i 1956. Göteborgs kexfabrik blei etablert i Kungälv i 1888. Mellom 1909 og 1982 laga ABC-fabrikerna (AB Bröderna Claesson) sportsutstyr, mellom anna skeiser.

Historie endre

Konghelle var ein av dei viktigaste byane i Noreg i mellomalderen, grunnlagt truleg i 1080. Islandske sagaskrivarar på 1300-talet rekna byen som kjøpstad alt på 900-talet. Kong Sigurd Jorsalfare gjorde byen til residensby då han vende heim i 1111, ei rolle byen hadde inntil slutten av 1150-talet. Byen låg 3 km vest for dagens Kungälv. I 1135 vart byen overfalle og brunne av venderane. Byen vart bygd opp att og vart ståande heilt fram til svenskane brann han i 1612. Kong Christian IV avgjorde då, på grunn av dei stadige svenske herjingane, å flytte byen nærare Båhus festning, til staden der Kungälv ligg i dag.

Uttala av stadnamnet lokalt er Kongell, ein uttale som òg samsvarar med skriftbiletet på 1600-talet. Etter flyttinga i 1612 vart bynamnet oftast skriven Kongelf, truleg fordi opphavet til namnet var gløymt, og fordi uttala gjorde at ein misoppfatta det som avleidd av elva. Den noverande skrivemåten vart teke i bruk etter at Båhuslen blei avstått til Sverige i 1658. Den tidlegare bygrunnen inngår i ein gardseigedom, Kastellegården.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Kungälv» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2012.
  • Flo, Berit Synnøve. Det norske Båhuslen og Noregs ukjende hovedstad Konghelle (Kungälv) : ein historisk og kulturell oppdagelsesreise (Andresen & Butenschøn, 2005)
  • Vigerust, Tore Hermundsson. Kastelle kloster i Konghelles jordegods ca. 1160 – 1600 (Upublisert hovedoppgave i historie, våren 1991)

Bakgrunnsstoff endre