Kunna i Meløy

halvøy i Meløy kommune

Kunna er ei halvøy i Meløy kommune i Nordland. Kunna ligg nord for tettstaden Reipå, og er berre knytt til fastlandet med den smale og låge Kunnvalen. Høgste punktet på fjellet Kunna er 599 moh.

Ein seglbåt har runda Kunna, og går for motor på veg sørover Støttafjorden.

Kunna ligg ut mot den opne Vestfjorden, og i den tida folk for langs kysten i små båtar, kunne det mange gonger vere vanskeleg å runde Kunna. Det har vore vanleg å rekne at Kunna markerer nordgrensa for Helgeland, men i somme samanhenger vert Meløy og Rødøy kommunar rekna som ein del av Salta.

66°57′N 13°31′E / 66.950°N 13.517°E / 66.950; 13.517