Kunstakademi er ein høgskule som gjev opplæring i teikning, måling, bilethogging, grafikk, arkitektur og ofte kunsthandverk. Det fyrste kunstakademiet var Accademia di San Luca som kom i gang i Roma i 1557.

'I atelieret' (1881) av Marija Basjkirtseva.

I Noreg endre

 
Statens kunstakademi med målaren Christian Krohg (sitjande med ryggen til) til stades.

I Noreg blei Statens Håndverks- og Kunstindustriskole danna som Den kongelige tegneskole i 1818 i Oslo, medan Statens Kunstakademi blei grunnlagd i 1909. I 1996 blei desse undervisningstilboda ein del av Kunsthøgskolen i Oslo. Vestlandets kunstakademi blei oppretta i 1973. Denne gjekk inn i Kunsthøgskolen i Bergen i 1996. Kunstskolen i Trondheim blei statleg kunstakademi i 1987 under namnet Kunstakademiet i Trondheim (KIT). Frå 1996 blei KIT innlemma i Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) som ein del av fakultetet for arkitektur og billedkunst.

  Denne kunstartikkelen som har med utdanning å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.