Kunstgjødselspreiar

Kunstgjødselspreiar er ein traktormontert jordbruksreiskap som vert nytta for å spreia kunstgjødsel og kalk. Dei fyrste kunstgjødselspreiarane var hestedregne, men moderne kunstgjødselspreiarar er traktormonterte.

Bakmontert Amazone ZA-F 804 dobbeltskivespreiar.
Bakmontert pendelrøyrspreiarar.

Oppbygging endre

Spreieorgan endre

Spreieorganet vert som oftast drive frå kraftuttaket på traktoren, men nokre spreiarar har hydraulisk eller elektrisk drift.

Skivespreiarar, som er den vanlegaste typen, nyttar ei roterande skive med vengjer til å kasta gjødsla utover ved hjelp av sentrifugalkrafta. Små spreiarar har som pftast berre ei skive, medan større spreiarar ofte har to skiver, som roterer i motsett retning. Turtalet på skiva ligg rundt 700 til 1000 o/min. Di større turtal, di lengre vert gjødsla kasta. Arbeidsbreidda kan variera frå 10 m for små enkeltskivespreiarar til 50 m for store dobbeltskivespreiarar. Konsistensen til kunstgjødsla spelar òg ein stor rolle for kor langt ho vert kasta. Kunstgjødsla vert oppbevart i ein traktforma behaldar med ei justerbar opning, slik at det flyt ein jamn straum av gjødsel ned på spreieskiva. At kunstgjødsel er pelletert gjer det etter måten lett å kontrollera straumen. Gjødselmengd per areal vert kontrollert ved å justera gjødselstraumen (/s) ut frå behaldaren og køyrefarten.

Pendelrøyrspreiarar nyttar eit oscillerande røyr for å kasta kunstgjødsla utover[1]. Vanleg arbeidsbreidd er frå 8 til 14 m[2].

Montering endre

 
Epandeur CNX 6130 slepespreiar.

Små og mellomstore spreiarar er som oftast bakmonterte i trepunktsopphenget, men dei kan og monterast på frontmontert trepunktsoppheng. Ein føremon med trepunktsmontering er at spreiaren kan senkast ned under etterfylling av gjødsel, noko som lettar arbeidet når ein nyttar gjødsel i sekk. Men det vert meir og meir vanleg å få gjødsla levert i storsekkjer. Ein nyttar då ofte ein annan traktor med frontlastar for å etterfylla spreiaren.

Store spreiarar er utforma som ein spesialbygd tilhengar (slepespreiarar), med bakmontert spreieorgan. Føremonen med slike spreiarar er at ein dekkjer større areal mellom kvar etterfylling. Dei har òg nokre ulemper, som at det trengst ein kraftigare traktor for å trekkja dei. Dei kan òg vera problematiske i bratt lende.

Galleri endre

Referansar endre

  1. Culpin, C., Farm machinery, Granada, 10. utg., 1982
  2. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996.