Eit kunstlag eller ei kunstforeining er ein lokal frivillig medlemsorganisasjon som har som føremål å formidle kunst og auke interessa for biletkunst og kunsthandverk innanfor sitt geografiske område. Foreininga skipar til utstillingar, og arrangerer ofte kunstfaglege føredrag, kurs og anna aktivitet, som til dømes formidling av kunst til born og ungdom.

Alle som interesserer seg for kunst og kunstformidling kan verte medlem i ei kunstforeining ved å betale medlemskontingenten. Drifta er i hovudsak basert på at medlemene frivillig tek på seg å arbeide for foreininga utan løn, men rundt 20 av kunstforeiningane i Noreg har ein eller fleire tilsette. Felles for alle kunstforeiningane og kunstlaga, store som små, er at dei driv ikkje-kommersiell verksemd. Ynsket om å formidle kunst ligger til grunn, ikkje å tene pengar. Eventuelle inntekter og overskot frå sal av kunst, vert brukt til å vise utstillingar med mindre salspotensial, eller til å kjøpe inn kunst til eigne kunstsamlingar.

Drift og organisasjonsform endre

Kunstforeininga vert leia av eit styre som medlemmene vel på årsmøtet.

Kunstforeiningane er ein viktig del av grunnmuren i kunstformidlinga i Noreg. Mange stader i landet er det langt til næraste kunstmuseum eller galleri, og ein stor del av publikum får difor sitt første møte med den visuelle kunsten i ei kunstforeining. Organisasjonen Norske Kunstforeninger, som er paraplyorganisasjon for 162 kunstforeiningar, kunstlag og kunsthallar, arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i kunstforeiningsnettverket, og legg til rette for at foreiningane kan verte profesjonelle visningsstader for kunst. 

Mange kunstforeiningar tek eit spesielt ansvar for å gje lokale og regionale kunstnarar høve til å få arbeida sine utstilte og selt. Kunstforeiningane kan vere eit springbrett for unge, uetablerte kunstnarar til å gjere seg kjent og skaffe seg ein posisjon – mange kjende norske kunstnarar har debutert i ei kunstforeining. Men dei større kunstforeiningane viser primært utstillingar av anerkjende norske og internasjonale samtidskunstnarar. Dei siste åra har nokre av dei større kunstforeiningane skifta namn til kunsthall, men dei er framleis organisert som kunstforeiningar. Kunsthallar produserer og kuraterer i større grad eigne utstillingar, og dei er ofte meir internasjonalt retta.

Mange kunstforeiningar mottek stønad frå kommune og fylkeskommune, i tillegg til at ein handfull får driftsstønad frå staten. Andre kunstforeiningar mottek ikkje faste offentlege tilskot, og må basere drifta på medlemskontingent, prosjektmidlar, dugnadsarbeid, eventuelle sponsormidlar og salsinntekter frå utstillingar. Nokre eig eigne utstillingslokale, nokre har gratis lokale gjennom kommunen, medan andre leiger utstillingslokale i kulturhus, museum og anna.

Dei fleste av kunstforeiningane og kunstlaga i Noreg er medlemmer i paraplyorganisasjonen Norske Kunstforeninger. Samla har dei 170 foreiningane om lag 30 000 medlemmer. Rundt 600 000 besøkjer årleg dei vel 1000 utstillingane som vert arrangert i kunstforeiningane.[1] Kunstforeiningane i Nordland, Troms og Finnmark er i tillegg organiserte i organisasjonen Se kunst i Nord-Norge.

Historikk endre

Dei første kunstforeiningane i Noreg vart stifta på 1830-tallet, etter inspirasjon frå kunstforeiningane i Tyskland. Det var den norske kunstnaren J. C. Dahl som tok med seg ideen om kunstforeiningar heim til Noreg, etter å ha sett oppbløminga av kunstforeiningar i Tyskland. Iveren til Dahl var ein avgjerande faktor for opprettinga av dei første kunstforeiningane i landet; Christiania Kunstforening (no Oslo Kunstforening) i 1836 og Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) i 1838. Til samanlikning vart den første offentlege visingsstaden for kunst, Nasjonalgalleriet, først oppretta i 1842.

I vedtektene til dei første norske kunstforeiningane heitte det at dei hadde som føremål å vekkje kjærleik for biletkunst, og arbeide for å fremje norsk kunst. Medlemmene betalte kontingent, arrangerte utstillingar og medlemslotteri. Kunstforeiningane var opne for alle som ynskte medlemskap.

I perioden 1836–1900 vart det etablert kunstforeiningar i dei fleste gamle og store norske byane; Trondhjems Kunstforening (1845), Stavanger Kunstforening (1865, No Kunsthall Stavanger), Drammen Kunstforening (1867), Arendal Kunstforening (1873), Fredrikstad Kunstforening (1875), Christianssands Kunstforening (1881, no Kristiansand Kunsthall) og Kristiansund Kunstforening (1883). På byrjinga av 1900-talet og fram til krigsutbrotet i 1940 heldt denne utviklinga fram med nye kunstforeiningar som Aalesunds Kunstforening (1906), Skiens Kunstforening (1910), Haugesund Kunstforening (1913) og Tromsø Kunstforening (1924). Ofte var kunstnarar og borgarskapet i byane sentrale i stiftinga av kunstforeiningane. Utover på 1940–50-talet vart det også etablert kunstforeiningar i mange av dei mindre byane. Det aller første kunstlaget i bygde-Noreg vart etablert i Volda allereie i 1937. På slutten av 1960-talet ser ein starten på det som skal verte ein kunstforeiningsboom på 1970- og 1980-talet – i desse to tiåra dukkar det stadig opp nye kunstforeiningar, dei aller fleste av desse på mindre tettstader i distrikta. Initiativet til desse kom ofte frå lokale kunstnarar og andre kunstinteresserte innbyggjarar. Utover på 1990- og 2000-talet dabbar tilveksten av nye kunstforeiningar av, men det vert framleis etablert nye kunstforeiningar i Noreg.

Fleire kunstforeiningar har over tid bygd opp store kunstsamlingar. Enkelte av desse kunstsamlingane utgjorde seinare grunnlaget for opprettinga av regionale kunstmuseum som Sørlandets Kunstmuseum, Trondheim Kunstmuseum, Haugesund Billedgalleri og Stavanger Kunstmuseum.

Det har skjedd mykje frå dei første kunstforeiningane vart etablert på 1830-talet og fram til våre dagar, men hovudmålet for kunstforeiningane har heile tida vore å vise kunst til publikum.

Kunstforeiningar i Noreg endre

Det er kunstforeiningar/kunstlag i mange norske byar og tettstader. Lista viser 135 kunstforeiningar og kunstlag sortert etter stiftingsår.[2]

Namn Stiftingsårstal
Oslo Kunstforening 1836
Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) 1838
Trondhjems Kunstforening 1845
Stavanger Kunstforening (no Kunsthall Stavanger) 1865
Drammen Kunstforening 1867
Arendal Kunstforening 1873
Fredrikstad Kunstforening 1875
Christianssands Kunstforening (no Kristiansand Kunsthall) 1881
Kristiansund Kunstforening 1883
Aalesunds Kunstforening 1906
Skiens Kunstforening 1910
Haugesund Kunstforening 1913
Tromsø Kunstforening 1924
Sarpsborg Kunstforening 1931
Sandefjord Kunstforening 1933
Kragerø Kunstforening 1935
Volda kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) 1937
Mandal Kunstforening 1939
Ørsta Kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) 1941
Horten og Borre Kunstforening 1941
Gjøvik Kunstforening 1944
Moss Kunstforening 1944
Ulstein Kunstlag 1944
Bodø Kunstforening 1945
Halden Kunstforening 1946
Namsos Kunstforening 1946
Elverum Kunstforening 1947
Hamar Kunstforening 1947
Oppdal Kunstlag 1947
Narvik Kunstforening 1948
Farsund Kunstforening 1952
Modum Kunstforening 1952
Voss Kunstlag 1952
Heimdal Kunstforening 1953
Bryne Kunstforening 1955
Drøbak Kunstforening 1955
Sandnes Kunstforening 1955
Porsgrunn Kunstforening (no Kunsthall Grenland) 1957
Kongsberg Kunstforening 1961
Vadsø Kunstforening 1966
Alta kunstforening 1967
Hammerfest Kunstforening 1967
Odda Kunstforening 1968
Mosjøen Kunstforening 1968
Rana Kunstforening 1968
Seljord Kunstforening 1968
Ski Kunstforening 1968
Harstad Kunstforening 1969
Asker kunstforening 1970
Nittedal Kunstforening 1970
Valdres Kunstforening 1970
Ål Kunstforening 1970
Hadsel Kunstforening 1971
Svolvær Kunstforening 1971
Ås Kunstforening 1971
Lørenskog kunstforening 1972
Nesodden Kunstforening 1972
Ullensaker kunstforening 1973
Grimstad Kunstforening 1974
Orkdal Kunstforening 1974
Røros Kunstlag 1974
Sunnfjord Kunstlag 1975
Ørland/Bjugn Kunstforening 1975
Rakkestad kunstforening 1976
Steinkjer Kunstforening 1976
Vestvågøy Kunstforening 1976
Gran Kunstforening 1977
Herøy Kunstlag 1977
Kvam Kunstlag 1977
Levanger kunstforening 1977
Hjelmeland Kunstlag 1978
Kongsvinger Kunstforening 1978
Nøtterøy Kunstforum 1978
Ryfylke Kunstlag 1978
Aurskog-Høland Kunstforening 1979
Fet Kunstforening 1979
Høyanger Kunstlag 1979
Rælingen Kunstforening 1979
Saltdal Kunstforening 1979
Vestby Kunstforening 1979
Vindafjord Kunstlag 1979
Groruddalen Kunstforening 1980
Nes Kunstforening 1980
Skaun Kunstforening 1980
Søgne Kunstlag 1980
Østensjø Kunstforening 1980
Lillesand Kunstforening 1981
Oppegård Kunstforening 1981
Rissa Kunstforening 1981
Haram Kunstlag 1982
Trysil Kunstforening 1982
Karmøy Kunstforening 1983
Åsnes Kunstforening 1983
Aukra Kunstlag 1984
Enebakk Kunstforening 1984
Tingvoll Kunstlag 1984
Eidsberg Kunstforening 1985
Luster Kunstlag 1985
Melhus Kunstforening 1985
Måløy Kunstlag 1985
Neadalen Kunstforening 1985
AKFO 1987
Kunstforeningen Verdens Ende 1987
Råde Kunstforening 1987
Skedsmo Kunstforening 1987
Lier Kunstforening 1988
Stjørdal Kunstforening 1988
Balestrand Kunstlag 1989
Gol Kunstforening 1990
Larvik Kunstforening 1990
Suldal Kunstlag 1990
Tysvær Kunstlag 1990
Rennesøy Kunstlag 1992
Sør-Odal Kunstforening 1992
Bærum Kunstforening 1993
Tynset Kunstlag 1994
Aure Kunstlag 1995
Flå Kunstforening 1995
Hurum Kunstlag 1995
Meråker Kunstforening 1995
Bømlo Kunstlag 1996
Stord Kunstlag 1996
Sykkylven Kunstlag 1996
Tinn kunstforening 1996
Kviteseid Kunstforening 1998
Nedre Eiker Kunstforening 1999
Sørum Kunstforening 2000
Øksnes Kunstforening 2001
Åsane Kunstforening 2001
Hvaler Kunstforening 2002
Solund Kunstlag 2002
Dovre og Lesja kunstforening 2009
Kjøllefjord Kunstforening 2010
Osterøy Kunstlag 2010
Austevoll kunstforening 2013
Frøya kunstforening 2013

Kjelder endre

  1. Medlemsundersøking gjennomført av Perduco i 2011 Arkivert 2014-05-17 ved Wayback Machine., norskekunstforeninger.no
  2. Stiftingsårstala er henta frå Brønnøysundregistra

Bakgrunnsstoff endre