Kuppet i Indonesia 1965

I Indonesia skjedde i 1965 ein av dei største massakrane i verdshistoria. Det var motsetningar innan det indonesiske militæret, der nokre støtta den venstreorienterte nasjonalisten Sukarno, som var statssjef, medan andre var høgre-orienterte anti-kommunistar. Ein av dei var general Suharto.

Etter at nokre av Sukarno sine tilhengarar skal ha drepe 6 anti-kommunistiske generalar 1. oktober, sette Suharto og hærleiinga i gang ei utreinsking av alle venstreorienterte i hæren og tvinga Sukarno til å gå av. Forfølginga spreidde seg over landet, og omfatta systematisk massedrap på om lag 500.000 mistenkte kommunistar, dei fleste småbønder, og overgrep mot den kinesiske etniske minoriteten i landet. Det finst bevis på at Suharto fekk støtte frå CIA. Amerikanske diplomatar har sidan innrømt at dei hadde laga lister over «kommunistar» som dei gav til dei indonesiske militære. Howard Fenderspiel, Indonesia-eksperten i utanriksdepartementet i 1965 sa: «Ingen brydde seg, så lenge dei var kommunistar, om at dei blei slakta ned. Ingen hissa seg opp over det

General Suharto etablerte det han kalla Den Nye Orden. Han reinska kommunistane ut av parlamentet, eliminerte fagorganisasjonane og auka pressesensuren. Alle viktige politiske avgjerder blei tatt av han personleg. Han gav meir pengar til militæret, og oppretta to spesialeiningar, som avretta til saman om lag 2 millionar menneske på mistanke om at dei var «kommunistar». Støtta frå USA var fast og sterk gjennom heile perioden, jamvel da Suharto invaderte Aust-Timor i 1975 og utrydda ein tredel av folket der. Den amerikanske støtta vara heilt til slutten av 1990-åra. Det økonomiske samarbeidet var nært og Suhartos hær fekk amerikanske våpen. Da Suharto var på besøk i Washington i 1995 skal ein embetsmann i Clinton-administrasjonen ha sagt at Suharto «er vår type mann» («our kind of guy»). Indonesia under Suharto var også eit av grunnleggjarlanda av militæralliansen ASEAN.