Kurfyrste (tysk Kurfürst, av mellomhøgtysk kur, 'val' og fürste 'fyrste', latin princeps elector imperii eller elector) var ein tittel for dei fyrstane i det tysk-romerske riket som utgjorde kurfyrstekollegiet og sidan 1200-talet var dei einaste som hadde stemmerett ved valet (mellomhøgtysk: kure) av romersk konge. Den som blei vald til romersk konge blei tradisjonelt seinare krona til tysk-romersk keisar, fram til 1500-talet av paven i Roma.

Dei sju kurfyrstane vel Henrik VII til romersk konge i 1308.

Ingen kvinner vart valt til kurfyrste, men ektemaken til kurfyrstane fekk tittelen kurfyrstinne.

Keisar Karl IV kunngjer den gylne bullen, som fastsette valreglane for kurfyrstekollegiet.

Samansetjinga av kurfyrstekollegiet endre

Frå seinmellomalderen til 1600-talet bestod kurfyrstekollegiet av sju riksfyrstar, tre geistlege og fire verdslege

I det 17. hundreåret blei kollegiet utvida med

Riksdeputasjonshovudbeslutninga frå 1803 oppheva dei geistlege kurrettane for Köln og Trier i tillegg til kurretten for pfalzgreven ved Rhinen, og overdrog Mainz-kurretten til det nye fyrstedømet Regensburg-Aschaffenburg. Fire nye riksfyrstar mottok kurrett, men kunne ikkje lenger utøve den etter at det gamle riket tok slutt i 1806. Desse var:

Kjelder endre