Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg

Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg (uformelt Kurfyrstedømet Hannover; tysk Kurfürstentum Braunschweig-Lüneburg) vart det niande kurfyrstedømet i Det tysk-romerske riket i 1692, då den tysk-romerske keisaren Leopold I, opphøgde hertug Ernest Augustus til kurfyrste i Riket som takk for støtta han gav i niårskrigen. Det var protestar mot å innlemme ein ny kurfyrste, og den nye statusen tredde ikkje i kraft før han vart godkjend på riksdagen i 1708.

Kurfürstentum Braunschweig-Lüneburg
«Kurfürstentum Hannover»
Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg
«Kurfyrstedømet Hannover»
Stat i Det tysk-romerske riket

1708-1803
1813-1814

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Hannover
Styreform Monarki
Kurfyrste
 - 1708-1727 Georg I
 - 1727-1760 Georg II
 - 1760-1814 Georg III
Historie
 - Opphøgd til kurfyrstedøme 1692
 - Formelt godkjend 1708
 - Battle of Nations 19. oktober 1813
 - Wienerkongressen 12. oktober 1814

Historie endre

I 1714 vart Georg Ludvig konge av Storbritannia, og Braunschweig-Lüneburg og Storbritannia vart ein del av ein personalunion. Eigedomane til kurfyrstane voks i Tyskland òg då dei arva dei formelt svenske områda Bremen og Verden i 1719, og som ein del av Reichsdeputationshauptschluss frå 1803 fekk kurfyrstedømet fyrstebispedømet Osnabrück. Kurfyrstane heldt seg stort sett i England og direkte kontakt med kurfyrstedømet vart gjort gjennom det tyske kanselliet i St James's Palace i London.

I 1803 vart kurfyrstedømet okkupert av franskmennene og prøyssiske troppar etter Artlenburg-konvensjonen. I 1806 vart Det tysk-romerske riket avskaffa. Etter Tilsit-traktaten i 1807 vart områda til det tidlegare kurfyrstedømet i lag med områda avstått frå Preussen omgjort til Kongedømet Westfalen, styrt av bror til Napoleon, Jérôme Bonaparte. George III anerkjende derimot ikkje annekteringa til Frankrike og dei hannoverske ministrane heldt fram å arbeide frå London. Regjeringa i Braunschweig-Lüneburg klarte å oppretthalde sine eigne diplomatiske tenester mot Det austerrikske riket og Preussen, som Storbritannia sjølv teknisk sett var i krig mot. Hæren til Braunschweig-Lüneburg var oppløyst, men mange av offiserane og soldatane reiste til England der dei danna den tyske legionen til kongen. Legion var den einaste tyske hæren som kjempa kontinuerleg mot franskmennene i napoleonskrigane.

Franskmennene hadde kontroll over kurfyrstedømet til oktober 1813 då området vart overteke av russiske kosakkar og slaget ved Leipzig same månad vart den endelege slutten på den napolionske klientstaten, samt heile Rhinforbundet, og Huset Hannover tok over styret igjen. Hannover vart eit kongedømet i Wienerkongressen i 1814.

Kjelder endre