Kurt Robert Stille (fødd 19. november 1934) er ein tidlegare dansk skøyteløpar. Han vart nr. 9 på 10 000 m under OL i Innsbruck i 1964, noko som er Danmark si beste plassering i individuelle øvingar i eit vinter-OL.

Kurt Stille
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 19. november 1934 (89 år)
København
Yrke skøyteløpar

Stille er fødd i København, og faren kom som politisk flyktning frå Tyskland til København i 1933. Han flytta til Noreg i 1958 for å utvikla seg som skøyteløpar. Han bur framleis i Noreg.

Dei beste plasseringane er ein 14. plass i EM 1963 og ein 13. plass i VM 1964. Under OL i 1964 vart han nr. 12 på 5000 m og nr. 9 på 10 000 m.

"Kurt Stilles mindeløp" vert arrangert av Sangkoret Lærken kvart år på UMB. Kurt Stille stiller som dommar.

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Kurt Stille – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.