Kurt Waldheim

austerriksk diplomat og politikar

Kurt Waldheim (21. desember 191814. juni 2007) var ein austerrisk diplomat og konservativ politikar. Han tente som generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå 1972 til 1981 og som austerriksk president frå 1986 til 1992.

Kurt Waldheim

Fødd21. desember 1918
St. Andrä-Wördern
Død14. juni 2007 (88 år)
Statsborgar avAusterrike, Det tyske riket, Forbundsstaten Østerrike, Deutschösterreich, Første østerrikske republikk
Yrkepolitikar, diplomat, sjølvbiograf, militær, advokat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Federal Ministry for European and International Affairs
Utdanna vedUniversitetet i Wien
Wiens diplomatakademi
EktefelleElisabeth Waldheim
MedlemDen nasjonalsosialistiske tyske studentorganisasjonen
VervGeneralsekretær for SN 1972-1981
FøregangarBoutros Boutros-Ghali
EtterfylgjarJavier Pérez de Cuéllar
VervPresident i Austerrike 1972-1981
FøregangarRudolf Kirchschläger
EtterfylgjarThomas Klestil
Alle verv
  • Østerrikes president (1986–1992)
  • Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane (1972–1981)
  • Østerrikes utenriksminister (1968–1970)
  • ambassador of Austria to Canada
  • offiser (Sturmabteilung, 1938–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

Barndom og ungdom endre

Kurt Waldheim vart fødd i Sankt Andrä-Wördern, ein landsby nær Wien i Austerrike den 21. desember 1918. Far hans var ein katolsk skoleinspektør og aktiv kristensosialist. Waldheim tok utdanning ved konsulatakademiet i Wien, og tok eksamen i 1936. Eit stutt bel etter at Tyskland annekterte Austerrike i 1938 søkte Waldheim om medlemskap i den Nasjonalsosialistiske tyske studentsameininga.

Militær karriere endre

Tidleg i 1941 vart Waldheim rekruttert til den tyske Wehrmacht og send til austfronten, der han gjorde teneste som skvadronleiar. Han vart såra tidleg i 1941, noko han i sjølvbiografien skriv førte til han vart dimmitert som ufør. I militære kjelder er det seinare funne prov på at Waldheim deltok i krigføring langt utover fyrste del av 1941: i 1943 tenete han under general Alxander Löhr, ein austerrikar som vart avretta i 1947 for krigsbrotsverk, då særleg for si rolle i transporten av 40 000 jødar til Auschwitz. Waldheim vart med tida "overløytnant" for motstandsnedkjemping (Feindaufklärung) i Tessaloniki under general Löhr. I 1986 hevda Waldheim at han berre arbeidde som tolk og sekretær, og at han ikkje hadde noko kjennskap til åtak på sivile eller massakrar i naboprovinsen Jugoslavia, men augevitne og rapportar hevdar at han var til stades på stabmøte der desse sakene vart diskuterte.

I 1945 overgav han seg til britiske styrkar i Kärnten, etter å ha flykta frå si stilling under General Löhr.

Diplomatisk karriere endre

Waldheim byrja arbeide for den austerrikske diplomattenesta i 1945 etter å fullført jussstudia ved Universitetet i Wien. Han arbeidde i utanriksdepartementet i Wien frå 1951 til 1956, då han vart utnemnd til ambassadør til Canada. Han vende attende til utanriksdepartementet i 1960, og vart utnemnd til fast utsending for Austerrike i Dei sameinte nasjonane i 1964. Frå 1968 til 1970 var han utanriksministar, vende så attende til si stilling for Austerrike i SN i 1970. Han var kandidat ved det austerikske presidentvalet i 1971, men tapte for den sosialdemokratiske kandidaten. Same hausten vart han utnemnd til ny generalsekretær for SN, og tok over for U Thant frå nyår 1972. Han vart attvald i 1976, trass motstand. I 1981 stilte han til val for ein tredje periode som generalsekretær, men Kina nedla veto i Tryggingsrådet, og den peruvianske diplomaten og politikaren Javier Pérez de Cuéllar etterfylgde han.

President av Austerrike og Waldheim-saka endre

Waldheim vann det austerikske presidentvalet i 1986. Same året byrja det som seinare vart kjend som Waldheim-saka. Før presidentvalet synte Alfred Worm i det austerrikske vekemagasinet Profil at fleire delar av perioden 1938 til 1945 ikkje vart omtala i Waldheim si nyutgjevne sjølvbiografi. Kort etter vart det avslørd at Waldeim hadde loge om tenestetida si i kavaleristyrkane til SS. I staden for å fortelje sanninga om tenesta si, hadde Waldheim skrive at han vart såra og studerte juss i Wien dei siste åra av krigen. Det vart spekulert mykje ikring Waldheim sine aktivitetar i denne perioden, og han vart klaga for å ha vore involvert i eller medverka til krigsbrotverk.

Gjennom heile presidenttida var Waldheim og kona Elisabeth personae non gratae i ei rekkje land. I løpet av dei seks åra han var president vitja Waldheim Midtausten og Vatikanstaten, men aldri andre europeiske statar eller USA.

Den austerrikske regjeringa sette ned ein komité av internasjonale historikarar til å granske Waldheim sitt liv mellom 1938 og 1945. Rapporten slo fast at Waldheim truleg visste om krigbrotverka, men ikkje var personleg involvert.