Kuwait by (arabisk مدينة الكويت) er hovudstaden og største byen i Kuwait. Han har eit folketal på 2,1 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Byen er det politiske, kulturelle og økonomiske senteret i Kuwait. Han vert også rekna som ein global by. Byen vert tent av Kuwait internasjonale lufthamn, Mina Al-Shuwaik (Shuwaik hamn) og Mina Al Ahmadi (Ahmadi hamn).

Kuwait by
مدينة الكويت, Madinat Al Kuwayt
by
Kuwait by
Land  Kuwait
Guvernement Al Asimah
Del av Kuwait
Koordinatar 29°22′11″N 47°58′42″E / 29.36972°N 47.97833°E / 29.36972; 47.97833
Folketal 637 411  (2014)
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Kuwait by
29°22′30″N 47°58′48″E / 29.375°N 47.98°E / 29.375; 47.98
Wikimedia Commons: Kuwait City

Historie endre

Tidleg historie endre

I 1613 vart Kuwait by grunnlagd. I 1716 slo bani utubar seg ned i Kuwait. Då utubane kom til området, var Kuwait berre busett av få fiskarar og var hovudsakleg berre ein fiskelandsby.[1] På 1700-talet blømde Kuwait og vart raskt det viktigaste handelssenteret for gjennomfart av varer mellom India, Muscat, Bagdad og Arabia.[2][3] Midt på 1700-talet hadde Kuwait alt etablert seg som ein del av den store handelsruta frå Persiabukta til Aleppo.[4]

Under den persiske kringsetjinga av Basra, i 1775–79, søkte irakiske kjøpmenn tilflukt i Kuwait og vart delvis medverkande til å utvide båtbygginga og handelsaktiviteten i Kuwait.[5] Resultatet av dette var at sjøhandelen til Kuwait auka kraftig.[5] Mellom åra 1775 og 1779 gjekk indiske handelsruter til Bagdad Aleppo, Smyrna og Konstantinopel via Kuwait.[4][6] Det britiske austindiske kompaniet vart avleidd til Kuwait i 1792.[7] Det britiske austindiske kompaniet sikra sjørutene mellom Kuwait, India og austkysten av Afrika.[7] Etter persarane trekte seg ut av Basra i 1779, fortsette Kuwait å trekkje handel bort frå Basra.[8]

Kuwait var eit senter for båtbygging i Persiabukta.[9][10] Seint på 1700-talet og på 1800-talet var det fartøy laga i Kuwait som førte det meste av varene mellom India, Aust-Afrika og Raudehavet.[11][12][13] Kuwaitiske fartøy var kjende over heile Indiahavet.[14] Regional geopolitisk turbulens var medverkande til aukande velstand i Kuwait på andre halvdel av 1700-talet.[15] Kuwait vart velståande på grunn av ustabiliteten i Basra seint på 1700-talet.[16] Seint på 1700-talet fungerte Kuwait delvis som ei trygg havn for kjøpmenn i Basra som flykta frå osmansk forfølgjing.[17] I følgje Palgrave fekk kuwaitarane eit rykte som dei beste sjømennene i heile Persiabukta.[14][18][19]

1900-talet endre

 
Seif-palasset frå 1904.

Under styret til Mubarak Al-Sabah vart Kuwait kalla «Golfen sitt svar på Marseille» fordi dei gode økonomiske tilhøva trekte til seg mange slags folk.[20] Tidleg på 1900-talet vart Kuwait langt mindre viktig økonomisk sett i regionen,[21] hovudsakleg på grunn av mange handelsblokadar og depresjon i verdsøkonomien.[22] Før Mary Bruins Allison vitja Kuwait i 1934, mista Kuwait statusen det hadde hatt i langdistansehandel.[21] Under fyrste verdskrigen innførte Det britiske imperiet ein handelsblokade mot Kuwait fordi regenten i Kuwait støtta Det osmanske riket.[23][24] Den britiske handelsblokaden gjekk hardt ut over økonmien til Kuwait.[24]

I 1937 skreiv Freya Stark om omfattande fattigdom i Kuwait på den tida:[25]

Fattigdomen har breitt om seg i Kuwait i langt større grad enn då eg vitja staden for fem år sidan, både til sjøs, der perlehandelen framleis er i tilbakegang, og på land, der blokaden til Saudi-Arabia no går ut over kjøpmennene.

Somme handelsfamiliar forlét Kuwait tidleg i 1930-åra på grunn av dei harde tidene. Då det vart oppdaga olje i 1937, var dei fleste av innbyggjarane i Kuwait i fattigdom.

Gullalderen (1946–82) endre

Frå 1946 til 1982 opplevde Kuwait aukande velstand driven av olje og liberal atmosfære.[26][27][28] På folkemunne vert åra mellom 1946 og 1982 kalla «Gullalderen».[26][27][28][29] I 1950 vart det sett i gang store offentlege anleggsprosjekt som betra levestandarden til kuwaitarane. I 1952 var landet blitt den største oljeeksportøren i Perisabuktområdet. Denne massive veksten trekte til seg mange utanlandske arbeidarar, særleg frå Palestina, Egypt og India. I juni 1961 vart Kuwait sjølvstendig då det britiske protektoratet enda og sjeik Abdullah Al-Salim Al-Sabah vart emir. Etter den nye grunnlova, heldt Kuwait det første parlamentsvalet sitt i 1963. Kuwait var den første av golfstatane som oppretta ei grunnlov og eit parlament.

I 1960- og 1970-åra var Kuwait det mest utvikla landet i regionen.[30][31][32] Kuwait var ein pioner i Midtausten innan diversifisering av inntektene dei fekk frå oljeeksporten.[33] Den kuwaitiske investeringsfondet er det første statlege investeringsfondet i verda. Frå 1970-åra og frametter, scora Kuwait høgast av alle dei arabiske landa på Human Development Index.[32] Kuwait universitet vart skipa i 1966.[32] Teaterindustrien i Kuwait var velkjend gjennom heile den arabiske verda.[26][32]

I 1960- og 1970-åra vart pressa i Kuwait skildra som den friaste i verda.[34] Kuwait var ein pioner innan den litterære renessansen i den arabiske regionen.[35] I 1958 vart magasinet Al Arabi publisert første gongen og vart det mest populære magasinet i den arabiske verda.[35] Mange arabiske forfattarar flytta til Kuwait på grunn av ytringsfridomen her, som var større enn andre stader i den arabiske verda.[36][37][38] Kuwait vart ein fristad for forfattarar og journalistar frå alle stader i Midtausten. Den irakiske diktaren Ahmed Matar forlét Irak i 1970-åra og søkte tilflukt i det meir liberale miljøet i Kuwait.[39]

Det kuwaitiske samfunnet omfamna liberale og vestlege haldningar gjennom 1960- og 1970-åra.[40] Dei fleste kuwaitiske kvinner gjekk ikkje med hijab i desse åra.[41][42] På Kuwait universitet var miniskjørt meir vanleg enn hijab.[43]

1980-åra til i dag endre

Tidleg i 1980-åra opplevde Kuwait ei stor økonomisk krise etter Souk Al-Manakh-krakket og fall i oljeprisen.[44]

Under Iran-Irak-krigen støtta Kuwait Irak. Gjennom 1980-åra var der fleire terroråtak i Kuwait, mellom anna bombingane i Kuwait i 1983, kapring av fleire fly frå Kuwait Airways og attentatforsøk mot emir Jaber i 1985. Kuwait var eit regionalt senter for vitskap og teknologi i 1960- og 1970-åra, og fram til tidleg i 1980-åra,[45] og den vitskaplege forskingssektoren leid kraftig av desse terroråtaka.[45]

 
Oljebrannar i Kuwait i 1991, som følgje av den brente jords-taktikken til irakiske militære styrkar då dei trekte seg attende frå Kuwait.

Etter Iran-Irak-krigen enda, avslo Kuwait eit irakisk krav om å ettergje ei gjeld på 65 milliardar amerikanske dollar. Ei økonomisk rivalisering følgde mellom dei to landa etter Kuwait auka oljeproduksjonen sin med 40 %.[46] Spaninga mellom dei to landa auka ytterlegare i juli 1990, då Irak klaga til OPEC og hevda at Kuwait stal olje frå eit felt nær grensa med å bore på skrå frå Rumaila-feltet.[46]

I august 1990 invaderte og annekterte irakiske styrkar Kuwait. Etter ei rekkje mislykka diplomatiske forhandlingar, leia USA ein koalisjon for å fjerne dei irakiske styrkane frå Kuwait, i det som er blitt kjend som Golfkrigen. Den 26. februar 1991 klarte koalisjonen å drive dei irakiske styrkane bort. Då dei trekte seg ut sette irakiske styrkar oljebrunnar i brann med ein brente jords-taktikk.[47] Under den irakiske okkupasjonen vart meir enn tusen sivile kuwaitarar drepne.[48] I tillegg vart meir enn 600 kuwaitarar sakna under okkupasjonen,[49] og kring 375 leivningar vart funnen i massegraver i Irak.

I mars 2003 var Kuwait springbrettet for den USA-leia invasjonen av Irak. Då emir Jaber døydde, tok Saad Al-Sabah over etter han, men han vart fjerna etter ni dagar av det kuwaitiske parlamentet på grunn av dårleg helse. Sabah Al-Sabah vart svoren inn som emir. I 2011–2012 var det kuwaitiske demonstrasjonar med ønske om nye reformer. Parlamentet vart oppløyst i desember 2011 på grunn av demonstrasjonar mot parlamentet. Statsministeren gjekk av.

Geografi endre

Kuwait by ligg ved Kuwaitbukta, ein naturleg djupvasshamn. 90 % av innbyggjarane i Kuwait bur langs denne kysten.

Klima endre

 
Astronautbilete av Kuwait

Kuwait by har eit varmt ørkenklima (Köppen: BWh) og er ein av dei varmaste byane i verda om sommaren. Sommartemperaturen går ofte over 45 °C, og temperaturar over 50 °C er ikkje uvanlege om sommaren, særleg i heitebølgjer. Om natta går temperaturen sjeldan under 30 °C. Om vinteren er det derimot langt kjøligare og temperaturane går ofte under 8 °C.

Det kjem ofte sandstormar om sommaren frå shamalvinden . Sandstormane kan oppstå når som helst på året, men kjem oftast om sommaren og sjeldnast på hausten.

Vêrdata for Kuwait by
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 29,8 35,8 41,2 44,2 49 49,8 52,1 50,7 47,7 43,7 37,9 30,5 52,1
Gjennomsnittleg maks °C 19,5 21,8 26,9 33,9 40,9 45,5 46,7 46,9 43,7 36,6 27,8 21,9 34,3
Gjennomsnittleg min °C 8,5 10 14 19,5 25,4 28,9 30,7 29,5 26,2 21,5 14,5 9,9 19,9
Lågast målte °C −4 −1,6 −0,1 6,9 14,7 20,4 22,4 21,7 16 9,4 2 −1,5 −4
Gjennomsnittleg regn mm 30,2 10,5 18,2 11,5 0,4 0 0 0 0 1,4 18,5 25,5 116,2
Gns. dagar med regn (≥ 0.1 mm) 5 3 3 1 0 0 0 0 0 1 3 3 19
Gns. solskinstimar i månaden 198,1 222,5 217,6 229,3 272,5 304,5 307,1 301,6 285,1 252,2 216,5 193,5 3 000,5
Gns. daglege solskinstimar 7,1 7,7 7,5 7,9 9,4 10,5 10,6 10,8 10,2 9 7,7 6,9 8,8
Pst. av mogleg solskin 68 69 63 62 69 77 76 78 77 79 72 67 72
Kjelde: World Meteorological Organization (temperatur og nedbør 1994–2008);[50] NOAA (solskinn og rekordar, 1961–1990);[51] Wundergound (tal for 2012)[52]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Al-Jassar, Mohammad Khalid A. (May 2009). Constancy and Change in Contemporary Kuwait City: The Socio-cultural Dimensions of the Kuwait Courtyard and Diwaniyya (PhD thesis). The University of Wisconsin-Milwaukee. s. 64. ISBN 9781109229349. [daud lenkje]
  2. Bell, Gawain, Sir (1983). Shadows on the Sand: The Memoirs of Sir Gawain Bell. s. 222. 
  3. «ʻAlam-i Nisvāṉ» 2 (1–2). University of Karachi. 1995: 18. «Kuwait became an important trading port for import and export of goods from India, Afrika and Arabia.» 
  4. 4,0 4,1 Al-Jassar, Mohammad Khalid A. (May 2009). Constancy and Change in Contemporary Kuwait City: The Socio-cultural Dimensions of the Kuwait Courtyard and Diwaniyya (PhD thesis). The University of Wisconsin-Milwaukee. s. 66. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 Bennis, Phyllis; Moushabeck, Michel, red. (1991). Beyond the Storm: A Gulf Crisis Reader. Brooklyn, New York: Olive Branch Press. s. 42. ISBN 9780940793828. 
  6. Lauterpacht, Elihu; Greenwood, C. J.; Weller, Marc (1991). The Kuwait Crisis: Basic Documents. Cambridge international documents series, Issue 1. Cambridge, UK: Research Centre for International Law, Cambridge University Press. s. 4. ISBN 9780521463089. 
  7. 7,0 7,1 Al-Jassar, Mohammad Khalid A. (May 2009). Constancy and Change in Contemporary Kuwait City: The Socio-cultural Dimensions of the Kuwait Courtyard and Diwaniyya (PhD thesis). The University of Wisconsin-Milwaukee. s. 67. 
  8. Abdullah, Thabit A. J. (2001). Merchants, Mameluks, and Murder: The Political Economy of Trade in Eighteenth-Century Basra. Albany, New York: State University of New York Press. s. 72. ISBN 9780791448076. 
  9. Sagher, Mostafa Ahmed. The impact of economic activities on the social and political structures of Kuwait (1896–1946) (PDF) (PhD). Durham, UK: Durham University. s. 108. 
  10. Sweet, Louise Elizabeth (1970). Peoples and Cultures of the Middle East: Cultural depth and diversity. American Museum of Natural History, Natural History Press. s. 156. «The port of Kuwait was then, and is still, the principal dhow-building and trading port av Gulf of Persia, though offering little trade itself.» 
  11. Nijhoff, M. (1974). Bijdragen tot de taal-, land- en volkenkunde (på nederlandsk). Volume 130. Leiden, Nederland: Koninklijk Instituut voor Taal-, Land- en Volkenkunde. s. 111. 
  12. Aggarwal, Jatendra M., red. (1965). Indian Foreign Affairs. Volume 8. s. 29. 
  13. Sanger, Richard Harlakenden (1970). Den arabiske halvøya. Books for Libraries Press. s. 150. 
  14. 14,0 14,1 Donaldson, Neil (2008). The Postal Agencies in East Arabia and the Gulf. Lulu.com. s. 93. ISBN 9781409209423. 
  15. Al-Jassar, Mohammad Khalid A. Constancy and Change in Contemporary Kuwait City: The Socio-cultural Dimensions of the Kuwait Courtyard and Diwaniyya (PhD thesis). The University of Wisconsin-Milwaukee. s. 68. 
  16. Hasan, Mohibbul, red. (2007) [First published 1968]. Waqai-i manazil-i Rum: Tipu Sultan's mission to Constantinopel. Delhi, India: Aakar Books. s. 18. ISBN 9788187879565. «For owing to Basra's misfortunes, Kuwait and Zubarah became rich.» 
  17. Fattah, Hala Mundhir (1997). The Politics of Regional Trade in Iraq, Arabia, and the Gulf, 1745–1900. Albany, New York: State University of New York Press. s. 114. ISBN 9780791431139. 
  18. Agius, Dionisius A. (2012). Seafaring in the Arabian Gulf and Oman: People of the Dhow. New York: Routledge. s. 48. ISBN 9781136201820. 
  19. Ágoston, Gábor; Masters, Bruce (2009). Encyclopedia of the Det osmanske riket. New York: Infobase Publishing. s. 321. ISBN 9781438110257. 
  20. Potter, Lawrence G., red. (2009). The Gulf of Persia in History. New York: Palgrave Macmillan. s. 272. ISBN 9780230618459. 
  21. 21,0 21,1 Allison, Mary Bruins, MD (1994). Doctor Mary in Arabia: Memoirs. Austin, Texas: The University of Texas Press. ISBN 9780292792272. 
  22. Tétreault, Mary Ann (1995). The Kuwait Petroleum Corporation and the Economics of the New World Order. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing Group. s. 2–3. ISBN 0-89930-510-5. LCCN 94-15877. 
  23. Lea, David, red. (2001). A Political Chronology of the Middle East. London: Europa Publications. s. 142. ISBN 9781857431155. 
  24. 24,0 24,1 Scudder, Lewis R. (1998). The Arabian Mission's Story: In Search of Abraham's Other Son. Grand Rapids, Michigan: Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 104. ISBN 9780802846167. 
  25. Al-Jassar, Mohammad Khalid A. (May 2009). Constancy and Change in Contemporary Kuwait City: The Socio-cultural Dimensions of the Kuwait Courtyard and Diwaniyya (PhD thesis). The University of Wisconsin-Milwaukee. s. 80. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Al Sager, Noura, red. (2014). Acquiring Modernity: Kuwait's Modern Era Between Memory and Forgetting. National Council for Culture, Arts and Letters. s. 7. ISBN 9789990604238. 
  27. 27,0 27,1 Al-Nakib, Farah, red. (2014). «Kuwait's Modernity Between Memory and Forgetting». Academia.edu. s. 7. 
  28. 28,0 28,1 Farid, Alia (2014). «Acquiring Modernity: Kuwait at the 14th International Architecture Exhibition». aliafarid.net. Arkivert frå originalen 21. februar 2015. Henta 5. september 2017. 
  29. Gonzales, Desi (November–December 2014). «Acquiring Modernity: Kuwait at the 14th International Architecture Exhibition». Art Papers. Arkivert frå originalen 26. april 2017. Henta 5. september 2017. 
  30. «Looking for Origins of Arab Modernism in Kuwait». Hyperallergic. 
  31. Al-Nakib, Farah (1. mars 2014). «Towards an Urban Alternative for Kuwait: Protests and Public Participation». Built Environment 40 (1): 101–117. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 «Cultural developments in Kuwait». March 2013. 
  33. Chee Kong, Sam (1. mars 2014). «What Can Nations Learn from Norway and Kuwait in Managing Sovereign Wealth Funds». Market Oracle. 
  34. al-Nakib, Farah (17. september 2014). «Understanding Modernity: A Review of the Kuwait Pavilion at the Venice Biennale». Jadaliyya (Arab Studies Institute). 
  35. 35,0 35,1 Sajjad, Valiya S. «Kuwait Literary Scene A Little Complex». Arab Times. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 5. september 2017. «A magazine, Al Arabi, was published i 1958 in Kuwait. It was the most popular magazine in the Arab world. It came out it in all the arabisk countries, og kring a quarter million copies were published every month.» 
  36. Gunter, Barrie; Dickinson, Roger, red. (2013). News Media in the Arab World: A Study of 10 Arab and Muslim Countries. New York: Bloomsbury Publishing USA. s. 24. ISBN 9781441102393. 
  37. Sager, Abdulaziz; Koch, Christian; Tawfiq Ibrahim, Hasanain, red. (2008). Gulf Yearbook 2006-2007. Dubai, UAE: I. B. Tauris. s. 39. «The Kuwaiti press has always enjoyed a level of freedom unparalleled in any other Arab country.» 
  38. Sager, Abdulaziz; Koch, Christian; Tawfiq Ibrahim, Hasanain, red. (2008). Gulf Yearbook 2006-2007. Dubai, UAE: I. B. Tauris. s. 39. «The Kuwaiti press has always enjoyed a level of freedom unparalleled in any other Arab country.» 
  39. Kinninmont, Jane (28. desember 2015). «The Case of Kuwait: Debating Free Speech and Social Media in the Gulf». ISLAMiCommentary. Arkivert frå originalen 14. februar 2017. Henta 5. september 2017. 
  40. Muslim Education Quarterly 8. islamic Academy. 1990. s. 61. «Kuwait is a primary example of a Muslim society which embraced liberal and Western attitudes throughout the sixties and seventies.» 
  41. Rubin, Barry, red. (2010). Guide to islamist Movements. Volume 1. Armonk, New York: M.E. Sharpe. s. 306. ISBN 9780765641380. 
  42. Wheeler, Deborah L. The Internet In The Middle East: Global Expectations And Local Imaginations. Albany, New York: State University of New York Press. s. 99. ISBN 9780791465868. 
  43. Osnos, Evan (11. juli 2004). «In Kuwait, conservatism a launch pad to success». Chicago Tribune. «In the 1960s and most of the '70s, men and women at Kuwait universitet dined and danced together, and miniskirts were more common than hijab head coverings, professors and alumni say.» 
  44. «Kuwait’s Souk al-Manakh Stock Bubble». Stock-market-crash.net. 23. juni 2012. Henta 3. september 2017. 
  45. 45,0 45,1 Bansal, Narottam P.; Singh, Jitendra P.; Ko, Song; Castro, Ricardo; Pickrell, Gary; Manjooran, Navin Jose; Nair, Mani; Singh, Gurpreet (red.). «Processing and Properties of Advanced Ceramics and Composites» 240. Hoboken, New Jersey: John Wiley & Sons: 205. ISBN 9781118744116. 
  46. 46,0 46,1 Gregory, Derek (2004). The Colonial Present: Afghanistan, Palestine, Irak. Wiley-Blackwell. ISBN 978-1-57718-090-6. Henta 3. september 2017. 
  47. «Irak and Kuwait: 1972, 1990, 1991, 1997». Earthshots: Satellite Images of Environmental Change. Arkivert frå originalen 29. april 2012. Henta 3. september 2017. 
  48. «The Use of Terror During Iraq’s invasion of Kuwait». Jewish Agency for Israel. Henta 3. september 2017. 
  49. «Irak and Kuwait Discuss Fate of 600 Missing Since Gulf War». Los Angeles Times. Associated Press. 9. januar 2003. 
  50. «World Weather Information Service – Kuwait City». World Meteorological Organization. Henta 19. februar 2014. 
  51. «Kuwait International Airport Climate Normals 1961–1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 15. januar 2015. 
  52. «Dr. Jeff Masters' article published January 2013». National Oceanic and Atmospheric Administration. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 20. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kuwait by