70°8′25.310″N 21°6′36.824″E / 70.14036389°N 21.11022889°E / 70.14036389; 21.11022889

Kvænangen
Solnedgang over Kvænangen

Kvænangen eller Kvænangsfjorden (nordsamisk Návuonna) er ein fjord i Kvænangen og Skjervøy kommune i Troms, vest for fylkesgrensa til Finnmark. Fjorden strekkjer seg om lag 74 km søraustover til Kvænangsbotn.

Fjorden har innløp mellom Hylla i vest og Ramnes i aust. Den ytre delen av fjorden ligg på austsida Arnøya og Laukøya i Skjervøy. Sør for Laukøya ligg sjølve Skjervøya og mellom denne og Store Haukøya lenger aust går fjordarmen Reisafjorden sørvestover til Storslett. Spildra er ei anna øy som ligg midt i fjorden der han byrjar å skjere seg innover i fastlandet, medan Rødøy ligg lenger nordvest. I området ved desse øyane går det mange fjordarmar austover. Lengst nord ligg Olderfjorden, så kjem Reinfjorden, Jøkelfjorden som er den lengste av desse og som strekkjer seg inn til Øksfjordjøkelen, Lille Altafjorden og Burfjorden.

Sør for Spildra ligg øya Skorpa og litt lenger inn øya Nøklan. Sør for Nøklan går Badderfjorden austover. I områda nord for Badderfjorden er det få busetnader ved sjølve fjorden, men i dette området er det fleire bygder og grender. Undereidet og Sekkemo er to grender ved Badderfjorden i aust, medan Sørstraumen. Ved Sørstraumen kryssar E6 fjorden via den 440 meter lange Sørstraumen bru. Innanfor Sørstraumen ligg Årøyan midtfjords og grenda Kjækan ligg på austsida. Frå her går det smale sundet Lillestraumen inn til den inste delen av fjorden kalla Sørfjorden.

Panorama over Kvænangsfjorden