Kvakksalvar (frå tysk Quacksalver) er ein person som fuskar (kvaklar) med salver, dvs. ein som gjer seg ut som kunning utan at han er det og føreskriv lækjemiddel som ikkje verkar og som til og med kan vera skadelege. Det har opp gjennom tidene vore mange lover retta mot «kvakksalvarar». Etter innføringa av vitskapelege medisinstudiar og autoriserte lækjarar har omgrepet vorte nytta i nedsettande tyding om folk som driv med læking utan utdanning og autorisasjon.

Jan Steens måleri - De kwakzalver

Frå 1. januar 2004 vart den norske «kvakksalverlova»[1] oppheva og erstatta av Lov om alternativ behandling av sykdom mv.[2]

Referansar endre

  1. LOV av 19. juni 1936 nr 9: Lov om innskrenkning i tilgangen for den som ikke er helsepersonell til å ta sjuke i kur.
  2. LOV av 27. juni 2003 nr 64: Lov om alternativ behandling av sykdom mv.