Kvalfisken

stjernebilde ved himmelekvator

Kvalfisken (frå latin Cetus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Kvalfisken ligg i eit område av himmelen med andre vasstilknytte stjernebilete, som Vassmannen, Fiskane og Floda.

Kvalfisken
Kvalfisken
Kvalfisken
Latinsk namn Cetus
Forkorting Cet
Genitivsform Ceti
Symbologi eit sjøuhyre
Rektasensjon 1,42 h
Deklinasjon −11,35°
Areal 1231 kvadratgrader
nr. 4 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Deneb Kaitos (β Cet)† (2,04. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +70° og −90°
NB:Mira (ο Cet) har mag. 2,0 på det sterkaste.

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Kvalfisken slik det er for det nakne auga.

Ekliptikken endre

Sjølv om Kvalfisken ikkje generelt vert rekna som ein del av dyrekrinsen, passerer ekliptikken gjennom mindre enn ein fjerdelsgrad frå grensa til stjernbiletet, og månen, planetar og sjølv delar av sola, kan vere i Kvalfisken i kortare periodar. Dette gjeld i enno større grad asteroidar, sidan banane deira ofte har ein større inklinasjon til ekliptikken enn månen og planetane. Til dømes vart asteroiden 4 Vesta oppdaga i dette stjernebiletet i 1807.

Stjerner endre

Den mest kjende stjerna i Kvalfisken er Mira («den vedunderlege»), som har nemninga Omikron Ceti, den første variable stjerna som vart oppdaga og prototypen på klassen sin. Over ein periode på 332 dagar når ho ein maksimum tilsynelatande storleiksklasse å 3 - synleg for det nakne auga - og fell til ein minste storleiksklasse på 10, som ikkje er mogeleg å sjå med det nakne auga. Mira pulserer med ein minimum storleik på 400 sol-diametrar og ein største storleik på 500 sol-diametrar. Ho ligg 420 lysår frå jorda og vart oppdaga av David Fabricius i 1596.[1]

Det er fleire andre lyse stjerner i Kvalfisken. α Ceti, tradisjonelt kalla Menkar («nasa»), er ei raud kjempestjerne med storleiksklasse 2,5, 220 lysår frå jorda. Ho er ei vid dobbeltstjerne; den sekundære er 93 Ceti, ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 5,6, 440 lysår unna. β Ceti, som òg vert kalla Deneb Kaitos og Diphda, er den mest lyssterke stjerna i Kvalfisken. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 2,0, 96 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet «Deneb Kaitos» tyder «kvalhalen». γ Ceti, Kaffaljidhma («kvalhovudet») er ei særs tett dobbeltstjerne. Hovudstjerna er ei gul stjerne med storleiksklasse 3,5, 82 lysår frå jorda, og den mindre er ei blå stjerne med storleiksklasse 6,6.[1] Tau Ceti, eller Durre Menthor, er kjend for å vere den mest nærliggande solliknande stjerna med ein avstand på 11,9 lysår. Ho er ei gul hovudseriestjerne med storleiksrklasse 3,5.

AA Ceti er eit tredobbelt stjernesystem. Det mest lyssterke medlemmet har ein storleiksklasse på 6,2. Hovud- og sekundærstjerna er skilde av 8,4 bogesekund med ein vinkel på 304 grader. Den tredje stjerna er ikkje synleg i teleskop. AA Ceti er ei formørkande variabel stjerne. Den tredje stjerna passerer føre hovudstjerna og får den tilsynelatande storleiksklassen til systemet til å auke med 0,5 storleiksklassar.[2] UV Ceti er ei uvanleg binær, variabel stjerne. Ho ligg 8,7 lysår frå jorda og systemet består av to raude dvergar. Begge har storleiksklasse 13. Ei av stjernene er ei flarestjerne, som brått får tilfeldige utbrot som varer i fleire minuttar. Dette aukar lyssterken til paret ein god del - så høgt som storleiksklasse 7.[1]

Djupromsobjekt endre

 
Messier 77 spiralgalakse av HST.[3]

Kvalfisken ligg lang unna det galaktiske planet, så mange fjerntliggande galaksar er synlege, og ikkje formørka av støv frå Mjølkevegen. Av desse er den mest lyssterke Messier 77 (NGC 1068) med storleiksklasse 9. Han er ein spiralgalakse nær Delta Ceti. Ein ser han frå toppen og ned og han har ein tydeleg kjerne med storleiksklasse 10. Han ligg kring 50 million lysår frå jorda og vert òg kalla ein Seyfert-galakse og dermed eit lyst objekt innafor radiospekrumet.[1] I nyare tid vart galaksehopen JKCS 041 stadfesta å vere den mest fjerntliggande galaksehopen som til no er oppdaga.[4]

NGC 246 (Caldwell 56), òg kalla Kvalfisk-ringen, er ei planetarisk tåke med ein storleiksklasse på 8,0, 1600 lysår frå jorda. Blant amatørastronomar har NGC 246 fått kallenamnet «Pac-Man-tåka» på grunn av måten dei sentrale stjernene og det kringliggande stjernefeltet er oppstilt.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ridpath & Tirion 2001, s. 114-116.
  2. Levy 2005, s. 67.
  3. «Hubble observes the hidden depths of Messier 77». ESA/Hubble. Henta 4 April 2013. 
  4. «Scientists identify new galaxy». Metro. 23 October 2009. 
  5. Levy 2005, s. 129.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvalfisken