Kvalitativ metode

(Omdirigert frå Kvalitativ observasjon)

Kvalitativ metode er ein forskingsmetode som vert brukt innanfor akademia – hovudsakleg samfunnsvitskaplege emne – for å henta inn og analysera data som kan brukast til å laga ein teori, eller prova ein allereie eksisterande ein. Kvalitativ metode går ut på at ein samlar inn data til forskingsprosjektet sitt ved å intervjua somme personar anten i form av éin-til-éin intervju eller gruppeintervju eller begge delar. Ein konkurrerande forskingsmetode er kvantitativ metode som bruker gallupar. Stundom kan ein kombinera begge metodane i forskingsprosjektet sitt, men for det meste er det problemstillinga som avgjer kva for ein metode som fungerer best.[1]

Bruk endre

Kvalitativ metode søkjer å forklara einskilde saker. Til skilnad frå kvantitativ metode, som baserer seg på statistikk, går ein meir i djupna i kvalitativ metode ved å utføra personlege intervju med nokre få intervjuobjekt (òg kalla informantar eller deltakarar) og lata dei tala med eigne ord, i tillegg til å stilla dei oppfylgingsspørsmål. I kvalitativ metode er prov basert på svara til intervjuobjekta som uttrykkjer seg sjølve i naturleg språk.

For forskaren er det viktig ved bruk av kvalitativ metode for å få gilde og gode data at han leiar samtalen, stiller opne objektive spørsmål (dvs. unngår leiande spørsmål), og ved gruppeintervju syrgjer for at alle intervjuobjekta får tala og seia sitt. Ofte er intervjuobjekta anonymiserte slik at det ikkje hindrar dei i å tala fritt og ærleg om saka, dette er som regel gjort igjennom eit skriftleg samtykke.[2]

Informantar vert som regel selektivt valt ut. Til dømes om ein vil undersøkja kvifor somme menneske ikkje vil taka høgare utdanning, vil det vera irrelevant i kvalitativ metode å ha med personar som faktisk tek høgare utdanning. I kvantitativ metode er ofte valet av informantar tilfeldig.

Ulemper endre

Kvalitativ metode fungerer dårleg til å forstå utbreiingar av noko, i tillegg vil ikkje resultata vera representative for ei større gruppe og samfunn. Observasjonane og dataa ein har samla inn er ikkje-komparative, ettersom valet av intervjuobjekt er ofte lite og ikkje-representativt. Konklusjonar i desse forskingsdesigna er generaliserbare til berre eit avgrensa spekter av tilfelle – som vil seia at ein berre kan forklara spesifikke kontekstar.[3] Utføringa av kvalitative intervju er særs tid- og ressurskrevjande, stundom tek ein dimed i bruk gruppeintervju for å unngå fleire individuelle intervju med repeterande utsegner.

Fordelar endre

Fordelane med kvalitativ metode er at han er god på å gjeva ny innsikt i å avdekkja mønster i våre forståingar og praksisar og korso dei hengjer saman med dei situasjonane dei kjem fram i.[4] Vidare gjev det intervjuobjekta mogleiken til å utdjupa meiningane sine, og stilla dei oppfylgingspørsmål.

Kvalitativ observasjon endre

Kvalitativ observasjon er ein type observasjon der eigenskapane til det ein observerer vert omtala ut ifrå kriterium som form, farge, lukt og så vidare.[1] Kvalitative observasjonar i naturen vert ofte støtta av detaljerte teikningar, videoopptak eller liknande.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Johansen, C.M & Sundbye, L.M.T. «Kvantitative og kvalitative metodar». NDLA. Henta 2. mars 2023. 
  2. Fangen, Katrine. «Kvalitativ metode» (på norsk bokmål). De nasjonale forskningsetiske komiteene. Henta 1. mars 2023. 
  3. Grønmo, Sigmund. (16. januar 2023) kvalitativ metode i Store norske leksikon på snl.no. Henta 2. mars 2023.
  4. Hoffmann, Thomas. «Hva kan vi bruke kvalitativ forskning til?» (på norsk bokmål). Forskning.no. Henta 1. mars 2023. 

Sjå òg endre