Kvartbekkasin

fugleart
Kvartbekkasin
Kvartbekkasin
Kvartbekkasin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvartbekkasin
Utbreiinga av kvartbekkasin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Lymnocryptes
Art: Kvartbekkasin L. minimus
Vitskapleg namn
Lymnocryptes minimus

Kvartbekkasin er ein fugl i snipefamilien. Trass i likskapen med enkeltbekkasin og dobbeltbekkasin vert han rekna til ei anna slekt, der han er einaste art.

Kvartbekkasinegg

Utsjånad endre

Kvartbekkasinen er berre to tredelar av lengda til enkeltbekkasinen og har mykje kortare nebb. Han måler 18 til 20 centimeter, inkludert nebben, og har eit vengespenn på 33-36 cm. I likskap med dei to andre nordiske bekkasinane har fuglen ei fjørdrakt i beige, kvitt, brunt og svart.

Læte endre

Kvartbekkasinen har eit særeiga spellæt som vert framført i flukt, eit uthaldande læte som er vanskeleg å lokalisere, eit åtte sekund langt «ogogåkk-ogogåkk-ogogåkk...», følgt av skrapande og susande lydar. Dei kan liknast med ein galopperande hest. Det er sjeldan ein høyrer kvartbekkasinen. Når fuglen vert skremd opp kan ein høyre eit dempa «getj».

Utbreiing og hekkebiotop endre

Kvartbekkasinen hekkar på blaute myrar og fuktige skogholt med kort vegetasjon i taigaområda i Eurasia, og på tundraen nord for taigaen. Med berre få unnatak ligg hekkeområdet i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Åtferd endre

Av dei tre bekkasinane i Noreg er det denne som trykker hardast. Fuglen flyg opp først når ein nesten trakkar på han. Fuglen flyg ikkje langt før han set seg att.

Trekktilhøve endre

Arten er trekkfugl og fuglane flyg sørover til overvintringsstader i Europa og Asia inklusive India.

Kjelder endre