Kvefsebukk

insektart
Kvefsebukk
Kvefsebukk
Kvefsebukk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Clytus
Art: Kvefsebukk C. arietis
Vitskapleg namn
Clytus arietis

Kvefsebukkener ei bille i trebukkfamilien. Namnet sitt har han fått fordi kroppen hans er farga med svarte og gule stripar som hjå ein stikkekvefs. Arten er relativt vanleg i Europa, Kaukasus og Litle-Asia, i Noreg i låglandet frå Vest-Agder og Østfold i sør til Sør-Trøndelag i nord.

Levesett endre

Kvefsebukk brukar hovudsakleg lauvtre som vertar, men har òg unnataksvis funnest i bartrea einer og gran. Dei føretrekk nyleg daude tre, tørre greinar og liknande trevirke. Larvane gneg først mellom borken og veden, før dei gneg seg vidare inn i yteveden. Det er her dei forpuppar seg, anten om hausten eller om våren. Både larvar og puppar kan overvintra.

Generasjonstida er på minst to år. Vaksne biller kjem fram seint på våren, og er aktive frå mai til juli. Dei vitjar gjerne blomar, særleg i skjermplantefamilien.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre