Kvinne-FM i sjakk

Kvinne-FM i sjakk, engelsk Woman FIDE Master (WFM), er den tredje høgast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinnelege sjakkspelarar. Tittelen blir vanlegvis tildelt fordi spelaren har oppnådd ein eigen rating på 2100 eller meir. Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk og Kvinne-IM i sjakk, men over Kvinne-CM i sjakk. Tittelen er livsvarig.

Her er også reglar som gir WFM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i handboka til FIDE på nettet.[1]

Ratinglista til FIDE per 1. april 2021 viser at 1 754 kvinner har WFM-tittelen.[2]

Per januar 2023 er det fire norske spelarar som har WFM-tittelen: Sylvia Johnsen, Anita Grønnestad, Maud Rødsmoen og Nina Hagesæther.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre