Kvit Valallianse var eit norsk, høgreekstremt politisk parti danna ved samanslåing av Stopp Innvandringen og Hjelp fremmede hjem som blei stifta i 1995. Det var leia av Jack Erik Kjuus.

Kvit Valallianse
LandNoreg
Grunnlagt1995
Nedlagt1997
ForgjengarStopp Innvandringen
Ungdomsorg.Norsk Ungdom
IdeologiHvit nasjonalisme Sjå dette på Wikidata

Partiet stilte til stortingsvalet 1997 med lister i Oslo, Buskerud og Akershus, og fekk til saman 463 stemmer. I valprogrammet sitt hadde det mellom anna skrive at «fremmed» i «blandede parforhold», eventuelle ungar dei måtte ha og adopterte frå utlandet skulle steriliserast eller sendast ut av landet. For denne utsegna blei Kjuus dømd av Høgsterett for rasediskriminering etter § 135 a i straffeloven.

Noko tid etter dommen trekte partistyret seg i protest mot dommen. Mange av medlemmene gjekk over til den nystarta Nasjonalalliansen.

Etter dommen trekte Kjuus seg frå politikken og partiet har no liten eller ingen aktivitet.

Kjelder endre