Kvite dvergar er stjerner som er samansette av degenerert materie. Sidan kvite dvergar har ein masse liknande sola og volum liknande jorda har dei ein høg tettleik. Deira svake luminositet kjem av lagra termisk energi generert av fusjonsprossar før stjerna blei ein kvit dverg. Kvite dvergar utgjer omtrent 6 % av alle kjende stjerner i solsystemet sitt nabolag.[1]

Hubble-bilete av Sirius A og Sirius B. Sirius B er den vesle kompanjongstjerna nede til venstre; den første kvite dvergen som blei oppdaga.
Den kvite dvergen IK Pegasi B (i midten) samanlikna med A-klasse-kompanjongen IK Pegasi A (til venstre) og sola (til høgre). Pegasi B har ein overflatetemperatur på 35 500 K.

Ein reknar med at kvite dvergar er det siste stadiet i stjerneutviklinga for stjerner med ein masse under ei viss grensa; meir enn 97 % av alle stjernene i galaksen.[2] Etter at ei stjerna har kasta av seg lag på lag med materie og danna ei planetarisk tåka er den kvite dvergen det einaste restproduktet som er att av den opphavlege stjerna. I løpet av milliardar av år vil den kvite dvergen nå den teoretiske tilstanden svart dverg. Då har den kvite dvergen vorte so avkjøla at han ikkje lengre sender ut særlege mengder av elektromagnetisk stråling. Tilstanden er teoretisk då det vil ta rundt 10 billionar år før dvergen har vorte avkjøla nok, medan alderen til universet er på rundt 13,7 milliardar år.[3]

Fotnotar endre

  1. Todd J. Henry, RECONS, Georgia State University - liste over dei 100 næraste stjernesystema
  2. «The Potential of White Dwarf Cosmochronology», G. Fontaine, P. Brassard, og P. Bergeron, Publications of the Astronomical Society of the Pacific 113, #782 (april 2001), s. 409–435.
  3. «Extreme Stars: White Dwarfs & Neutron Stars», Jennifer Johnson, lektyrenotat, Astronomy 162, Ohio State University.