Kvitryggspett

fugleart
Kvitryggspett
Kvitryggspetthann
Kvitryggspetthann
Kvitryggspetthoe
Kvitryggspetthoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvitryggspett
Utbreiinga av kvitryggspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Picinae
Slekt: Dendrocopos
Art: Kvitryggspett D. leucotos
Vitskapleg namn
Dendrocopos leucotos

Kvitryggspett (Dendrocopos leucotos) er ein fugl i spettefamilien.

Utsjånad endre

Fuglen er 24-26 cm. lang, og liknar flaggspetten i fjørdrakta, berre med kvite linjer over vengjene (framfor prikkar), og ein kvit nedre rygg. Hannen er raud på hovudet, mens hoa er svart.

Læte endre

Tromminga er typisk, og er langt utdregen jamført med andre spetter og varer i to sekund. Ho kan kjennast på ein avvaktande og kraftig opning, og ein akselerasjon på slutten samstundes som lyden vert svakare, til liks med ein bordtennisball før han legg seg til ro på golvet. Ropet er eit raskt skrattande «goeddi-goeddi-goeddi», tonfallet er noko det same som hos ein steinvendar. Kvitryggspetten har og ein lokkelåt som liknar flaggspetten, eit «kick». Skilnaden kan vere at kvitryggspetten har ein tjukkare lyd med lågare tonehøgd, og ikkje heilt like skarp, meir som «bjyck». Når fuglen er uroleg vert læta oppatteken i ujamne ramsar.

Hekking endre

Fuglane hakkar ut eit hol på 7 cm i diameter og om lag 30 cm djupt i ein gammal trestamme, gjerne ein osp. Hoa legg tre til fem kvite egg. Paret deler på ruginga, som varer i 10-12 dagar.

Føde endre

Fuglen et biller som han finn under borken på tre, larvar og insekt, frø og bær. Dette er ein art som er knytt til lauvskog som har rikeleg med daude tre.

Vern endre

I Noreg har Samnanger kommune fått eit spesielt ansvar for å verne om sin bestand av kvitryggspett.[1]

Kjelder endre

Norsk Raudliste 2006, 8MB Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.

Referansar endre

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.