Kvotering eller positiv diskriminering er ein teknikk som blir brukt for å prøva å utjamna samfunnsforskjellar mellom grupper, på grunnlag av til dømes kjønn, etnisitet eller kaste. Ein kvoterer ved å reservera ein del plassar for den underrepresenterte gruppa ein ønskjer å hjelpa. Slike ordningar blir kritiserte fordi sjølv om dei hjelper medlemmer av ei gruppe, har ein ikkje oppnådd betringar for heile gruppa.

Kvotering blir brukt i USA under namnet Affirmative Action, for å hjelpa afroamerikanarar, og i India under namnet Reservations, for å hjelpa lågstatuskastar. I Noreg bruker ein kjønnskvotering ved stillingsutlysingar og tilsetjingar innan yrke der eitt kjønn er overrepresentert.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.