Kwanzaa er ei sju dagars afroamerikansk høgtid som varer frå 26. desember til 1. januar, vanlegast feira i USA. Namnet kjem frå swahiliuttrykket «matunda ya kwanza», ‘dei første fruktene’.

Ei kvinne tenner levande lys på eit bord dekt med kwanzaasymbol.

Høgtida blei innstifta av den afroamerikanske nasjonalisten Ron «Maulana» Karenga og feira for første gong i 1966. Høgtida hadde utspring i den amerikanske borgarettsrørsla i 1960-åra og var meint å skulle gjeva afroamerikanarar eit band til den kulturelle og historiske arva si frå Afrika. Samstundes er høgtida, ifølgje Karenga, basert på felles humanistiske grunnprinsipp.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.