Kyrie eleison er gresk for «Herre, miskunna deg over oss», eit bønerop som finst fleire stader i Bibelen, mellom anna i Matteus 20,30-31 [1], Markus 10,47-48 [2], Lukas 17,13 [3].

I kyrkjeleg tradisjon har bøna vore tillagt eit omfattande innhald, eit uttrykk for all menneskeleg usselskap, synd, sjukdom og naud. I liturgien vart kyrie det faste omkvedet til kyrkjelyden i litaniet. I den romerske messa kom kyrie inn som ein fast ledd omkring år 500. I den norske høgmessa fekk Kyrie eleison fast plass i 1887, dels i gresk form, dels i omsetjing, sungen med melodi frå koralboka til Niels Schiørring.

Kjelder: endre