Kyrkoherde

svensk prestetittel

Kyrkoherde er ei stilling som arbeidsleiande prest i den Svenska kyrkan. Stillinga tilsvarer på mange måtar stillinga som prost i Den norske kyrkja, men det geografiske arbeidsområdet er mindre, slik at tittelen kanskje best bør omsetjst med sokneprest. Stillinga er dessutan tillagt nokre av dei oppgåvene kyrkjeverja har i Den norske kyrkja.

Tenesteområdet til kyrkoherden kallast pastorat, som tilsvarar prestegjeld i Noreg. I pastorat som har fleire forsamlingar (kyrkjelydar) eller sokn, har kyrkoherden oftast teneste i den største forsamlinga, og det vil arbeide andre prestar i dei andre sokna. I eit domsokn har kyrkoherden tittelen domprost i Sverige som i Noreg.

Tittelen prost (etter latin prost honoris causa) er i den Svenska kyrkan ein heiderstittel som biskopen kan tildele prestar etter forteneste.

Krav til stillinga endre

Teneste som kyrkoherde kan søkast av prest som har gjort teneste i minst tre år, er fylt 30 år og som er budd på å samarbeide med andre prestar av såvel kvinneleg og mannleg kjønn.

Ansvar endre

Kyrkoherden er arbeidsleiar for personalet som direkte arbeider med kjerneverksemda i soknet, det vil seie å feire gudstenester, drive kristeleg undervisning, utøve diakoni og misjon. Slik sett tilsvarar delar av arbeidsområdet til kyrkoherden oppgåver som i Den norske kyrkja er lagt til kyrkjeverja.

Kyrkoherden har eit samordnings- och tilsynsansvar for all verksemd i pastoratet (prestegjeldet), ikkje berre overfor eigen kyrkjelyd. Rekkjevidda av dette ansvaret er enno ikkje fullt ut avklart i den Svenska kyrkan.

Kjelder endre