L'Aquila
L'Aquila er ein by sentralt i Italia. Han ligg mellom mellomaldermurar på ein ås i den vide dalen til elva Aterno og er omgjeve av Appenninane med Gran Sasso i nordaust. Han er både hovudstad i regionen Abruzzo og i provinsen L'Aquila. Byen har 72913 innbyggjarar.
L'Aquila | |||
---|---|---|---|
Sentrum av L'Aquila | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Italia Abruzzo L'Aquila | ||
Grunnlagd | 1259 | ||
Borgarmeister | Pierluigi Biondi | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
466 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt - folketettleik |
69 368 135/km² | ||
Koordinatar | 42°21′N 13°24′E / 42.350°N 13.400°E | ||
Høgd over havet | 714 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 67100 | ||
Telefon-retningsnummer | 0862 | ||
Nettstad: www.comune.laquila.it |
Byen består av eit virrvar av smale gater mellom bygningar og kyrkjer frå barokken og renessanse og opne piazzaer. Byen har eit eige universitet, Universitetet i L'Aquila, eit teater, eit symfoniorkester, eit kunstakademi, eit statskonservatorium og eit filminsitutt.
Historie endre
Byen vart grunnlagd som Aguila av Fredrik II av Det tysk-romerske riket ut frå fleire landsbyar som alt eksisterte (99 i følgje ei lokal segn). Bygginga av byen stod ferdig i 1254 av son til Fredrik Konrad IV av Tyskland. Namnet vart endra til Aquila degli Abruzzi i 1861 og til L'Aquila in 1939. Då Konrad døydde vart byen øydelagd av bror hans Manfred i 1259, men vart bygd opp att av Karl I av Anjou, etterfølgjaren hans som konge av Sicilia. Bymurane rundt byen stod ferdig i 1316.
Han var raskt den nest største byen i Kongedømet Napoli og var sjølvstyrt.
Byen vart plyndra to gonger av franske troppar under napoleonskrigane i 1799.
Byen og det omkringliggjande distriktet vart 6. april 2009 ramma eit jordskjelv der minst 294 menneske omkom og 30000 vart huslause.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «L'Aquila» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2007.