Læringsteorien konstruktivisme

Læringsteorien konstruktivisme er tufta på eit sett oppfatningar om kunnskap og kva det inneber å tileigne seg kunnskap. Eit sentralt element i konstruktivismen er at mennesket konstruerer sin eigen kunnskap gjennom aktivitet og subjektive prosessar som resulterer i læring. I høve til utdanning målber konstruktivismen ei lærarstøtta undervisning som er tilpassa eleven sitt utviklings- og mestringsnivå og som skjer på initiativ frå, og er styrt av eleven sjølv. Konstruktivismen blir plassert som ein av fire hovudteoriar innan pedagogikken saman med behaviorismen, kognitivismen og sosiokulturalisme.

Etymologi endre

Omgrepet konstruktivisme kan vera noko upresist. Når ein med dette omgrepet snakkar om korleis ein «skaper sin eigen kunnskap» kan ein misforstå det dit at kunnskapen oppstår av seg sjølv utan stimulering frå til dømes ein lærar. Det er difor viktig å forstå dette som ei teori om korleis læring kjem i stand og meiningar skapast og ikkje eit metodeopplegg for praktisk undervisning. Ordet konstruktivisme kan i tillegg ha noko varierande innhald og omfang når det brukast. Det er her eit spenn frå konstruktivisme som eit totalsyn på tilværet, såkalla radikal konstruktivisme og over til eit syn på teorien som ein av fleire som kan danne grunnlag for gode læringsformer. Omgrepet er heller ikkje førande for kva det skal vera fokus på i undervisninga; den enkelte elev, den sosiale og kulturelle konteksten eller ein kombinasjon.

Forsking og historikk endre

Konstruktivisme som innfallsport til læring var tradisjonelt ikkje særleg vektlagt i og med at denne hevda læring gjennom aktivitet, som til dømes leik. Filosofen og pedagogen John Dewey (18591952) var ein av dei første som la vekt på aktiv medverknad i læringsprosessen, gjennom å hevde at ein ikkje lærer utelukkande frå ytre stimulering men ved å hauste erfaringar frå eigen aktivitet.

Den sveitsiske filosofen og psykologen Jean Piaget (18961980) er kanskje den fremste målberaren for konstruktivismen. Ein av hovudhypotesene hans var at det vi lærer og opplever ikkje er eit objektivt bilete av verda rundt oss men at all stimulering blir handsama og tolka med hjelp av vår eksisterande kunnskap og oppfatning. Piaget framheva mellom anna leik som ein viktig læringsprosess hjå born, og produserte gjennom sitt lange yrkesløp ei omfangsrik vitskapleg underbygging av teoriane sine.

Den russiske psykologen Lev Vygotskij (18961934) er ein sentral teoretikar innanfor konstruktivismen som spesielt la vekt på korleis samfunn og kultur påverkar individet og tileigninga av kunnskap.

Kognitiv konstruktivisme endre

Jean Piaget sin teori blir ofte kalla for kognitiv konstruktivisme i og med at vekta ligg på kva som skjer med personen sine mentale strukturar under læring, psykologien sin teori om kognisjon. Ein fokuserer på at leik og eventuelt annan interaksjon mellom individet og omverda fører til læring, eller konstruksjon av kunnskap på det mentale plan hos enkeltindividet. I følgje denne teorien blir læring dermed ei individuell sak.

Sosial konstruktivisme endre

Sosial konstruktivisme tek utgangspunkt i at både læring og kunnskap må sjåast relatert til kultur, språk og det øvrige fellesskapet eit individ høyrer til i. Læringa startar ikkje «der ute» eller «inne i hovudet» på individet, men med språket som eit kulturelt fenomen. Språk finst overalt og på alle læringsarenaer, både munnleg og skriftleg. Fordi den sosiale konstruktivismen er lett å kople til praktiske hendingar i klasserommet, har han vorte ein populær teori innanfor pedagogikken. Lev Vygotskij blir ofte omtala som sosialkonstruktivist, men sidan hans teori òg inkluderer born og unge si kognitive utvikling, blir denne gjerne omtala som sosiokulturell læringsteori og definert som ein eigen pedagogisk hovudteori.

Referansar endre

Aktuell litteratur endre