Løypestreng eller lauparstreng er eit ståltau (kabel eller vaier) som heng i fritt spenn mellom to punkt, ofte med eine punktet høgare enn det andre.Ein kan tre ei trinse på vaieren og tau festa til henne for betre kontroll. Løypestreng er blitt mykje brukt til transport i kupert terreng, til dømes ned lier, over juv og elver, men kan òg brukast som underhaldning, til dømes som leikeapparat og i samband med turisme.

Mann renn nedover på ein løypestreng.
Løypestreng over juv i Alpane.

Noreg endre

Løypebaner vart i Noreg mykje brukt til å sleppa høybører frå utslåttar nedover til gards, over elvar og juv, eller berre for å spara ryggen. Dersom fallet var riktig, var det nok å festa børa til tauet med ein bit ståltråd. Det kunne halda børa heile vegen ned til bakken. Meir avanserte konstruksjonar hadde ei trinse tredd innpå vaieren, og tau festa til trinsa så ein hadde høve til å bremsa eller hala til seg det som skulle opp. Permanente løypestrengar var utstyrte med vinde og sveiv. Då kunne ein òg nytta strengen til vassrett transport, over dalar, elvar og vatn.

Løypestreng var somme stader på Vestlandet, særleg på fjellgardar, den viktigaste transportmåten for varer. Over tida har dei gått stadig meir ut av bruk, fordi dei fleste bustader har fått vegsamband. Sidan kabelen rustar og treverket rotnar vekk, vil løypestrengane mest truleg vera forsvunne som kulturminne om ein del år.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre