Eit løysemiddel er ei væske eller ein gass som vert nytta til å løysa andre stoff. Vatn er eit godt løysmiddel for mange salt og polare molekyl. Upolare molekyl kan løysast ved hjelp av organiske løysemiddel. Dette kan til dømes vera diklormetan. Kloroform, alkoholar og aceton er andre eksempel på organiske sambindingar som ofte vert nytta som løysemiddel. Mange organiske løysemiddel kan vera skadelege for kroppen.

Polare og upolare løysemiddel endre

Løysemiddel kan delast i polare og upolare løysemiddel etter dei molekylære eigenskapane. Polare molekyl kan løysast i eit polart løysemiddel, medan eit upolart løysemiddel må nyttast for å løysa upolare molekyl. Dette vert ofte oppsummert i hugseregelen «likt løyser likt».

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.