Lühesand er ei lita øy i elva Elbe i Tyskland. Ho har eit areal på 1,24 km² og ligg 8 km aust for Stade i Niedersachsen. Ein kan berre nå øya med båt og her ligg ein stor campingplass. Sør på øya står ei 189 meter høg høgspentmast, som tar ei høgspentlinje over elva.

Høgspentmasta på Lühesand

53°36′N 9°35′E / 53.600°N 9.583°E / 53.600; 9.583

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.