La Gomera er ei av Kanariøyane i Spania utanfor kysten av Afrika i Atlanterhavet. Øya ligg vest for Tenerife. Ut i frå areal er ho den nest minste av dei sju hovudøyane i gruppa.

La Gomera
Flagget til La Gomera
Flagget til La Gomera
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°06′N 17°08′W / 28.100°N 17.133°W / 28.100; -17.133
Øygruppe Kanariøyane

Areal 369,76 km²

Høgaste punkt Garajonay (1487 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad San Sebastián de la Gomera (8451 innb.)

Demografi
Folketal 21 952 (2006)

Fjell sentralt på La Gomera
Los Organos på La Gomera.

Politisk inndeling endre

La Gomera er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife. Ho er delt inn i seks kommunar:

Hovudsetet på øya (cabildo insular) ligg i San Sebastián.

Økologi endre

Øya har vulkansk opphav og er nesten sirkelforma med ein diameter på 22 km og ei høgd på opp mot 1487 meter over havet ved Garajonay. Øya er forma som ei halv appelsin som så er delt inn i fleire «båtar» med djupe kløfter eller barrancos mellom seg. Desse kløftene er dekte av laurbærregnskog (laurisilva).

Dei øvre delane av desse tette skogane er nesten alltid dekte av skyer og dis og er derfor frodige med variert vegetasjon. Dei er ein del av Garajonay nasjonalpark, som UNESCO erklærte ein verdsarvstad i 1986. I fjellsidene finn ein mange stiar som gjev flott utsyn over området for turistane her.

Dei sentrale fjella tar imot luftfukt frå passatvinden og gjev eit tett jungelklima med kjøligare luft enn i dei solrike klippene ved kysten.

Mellom desse to ytterpunkta finn ein fleire mikroklima. I fleire hundreår har bønder i desse områda nytta vatnet frå regnskogområda til å lage vingardar, frukthagar og bananlundar.

Kultur endre

I 2003 levde opp mot 20 000 menneske på La Gomera.

Den lokale vinen er særeigen og vert ofte servert saman med ein tapas av til dømes lokal ost, steikt svin eller geitekjøt. Andre kulinariske spesialitetar er almogrote, ein smelteost og miel de palma, ein sirup frå palmetre.

Innbyggjarane på La Gomera har ein unik måte å kommunisere på over dei djupe kløftene med forbløffande plystring kalla silbo gomero. Dette plystrespråket til dei innfødde har vorte dokumentert sidan romartida. Det vart utvikla av dei innfødde på øya, guanchane og seinare lært av dei spanske nybyggjarane på 1500-talet. Då denne kommunikasjonsmetoden var i ferd med å døy ut på slutten av 1900-talet vart det sett inn krav om at alle borna skulle lære plystrespråket på skulen.

Historie endre

Kristoffer Columbus gjorde det siste stoppet sitt på La Gomera før han kryssa Atlanteren i 1492. Han stoppa her for å fylle opp med vin og vatn til mannskapet og skulle etter planen berre bli i fire dagar. Han vart derimot forelska i Beatriz de Bobadilla, guvernøren på La Gomera og han vart verande ein månad. Då han segla avgarde gav ho han sukkerrøyr, som vart dei første som nådde den nye verda. Huset i San Sebastián der han oppheldt seg er i dag ein turistattraksjon.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: La Gomera