La Palma er ei av Kanariøyane i Spania i Atlanterhavet utanfor nordvestkysten av Afrika. Ho vert stundom kalla la Isla de La Palma for å skilje ho frå dei spanske byane Palma og Las Palmas. Palma viser i alle desse tilfella til palmetre. Historisk vart øya kalla San Miguel de La Palma, som viser til erkeengelen Mikael, sidan øya vart erobra for CastillaMikkjelsmesse i 1492.

La Palma
Flagget til La Palma
Flagget til La Palma
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°40′N 17°52′W / 28.667°N 17.867°W / 28.667; -17.867
Øygruppe Kanariøyane

Areal 706 km²

Høgaste punkt Roque de los Muchachos (2423 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Los Llanos de Aridane (19 659 innb.)

Demografi
Folketal 86 528 (2008)
Folketettleik 122 /km²

La Palma er den mest nordvestlege av Kanariøyane. Ho har eit areal på 706 km² og er den femte største av dei sju store øyane i øygruppa. Ho har om lag 85 000 innbyggjarar, og 18 000 bur i hovudstaden Santa Cruz de la Palma og om lag 20 000 i Los Llanos de Aridane.

La Palma er som dei andre Kanariøyane av vulkansk opphav. Vulkanen stig nesten 7 km opp frå botn av Atlanterhavet. Det går veg heilt opp til toppen av vulkanen, som ligg 2423 meter over havet.[1] Her ligg Roque de los Muchachos observatorium, eit av dei fremste astronomiske observatoria i verda.

Den nordlege delen av La Palma er dominert av Caldera de Taburiente, som er 9 km brei og 1500 meter djup. Kalderaen er omgjeve av fjell på 1600 til 2400 meter over havet. Berre den djupe kløfta Barranco de las Angustias fører inn til dei indre områda av kalderaen, som er ein nasjonalpark. Ein kan berre nå dette området til fots. Dei ytre sidene av krateret er innskore med mange kløfter som strekkjer seg frå 2000 meter og ned til havet.

I 1815 vitja den tyske geologen Leopold von Buch Kanariøyane. Det var etter at han vitja La Palma og Tenerife og kalderaene Las Cañadas og Taburiente at det spanske ordet for kittel, «caldera», vart innført i den geologiske terminologien.

Frå Caldera de Taburiente og sørover strekkjer ryggen Cumbre Nueva seg. Den sørlege delen av La Palma er dominert av Cumbre Vieja, ein vulkanrygg som består av mange vulkankjegler av lava og slagg. Cumbre Vieja er aktiv, men sovande. Det siste utbrotet skjedde i 1971 ved Teneguia-ventilen, som ligg heilt sør i Cumbre Vieja - Punta de Fuencaliente.

Administrasjon endre

Øya er ein del av provinsen Santa Cruz de Tenerife og er delt inn i 14 kommunar:

Vulkanen endre

 
Utsyn sørover frå det høgaste punktet på La Palma.
 
Kraterveggar i Caldera de Taburiente

Som alle Kanariøyane er La Palma skapt av vulkansk aktivitet. La Palma er for tida den mest vulkansk aktive av Kanariøyane og vart danna for tre til fire millionar år sidan. Foten av øya ligg 4000 meter under havoverflata og stig opp til 2426 meter over havet. For om lag ein halv million år sidan kollapsa vulkanen Taburiente med eit enormt jordras, og Caldera de Taburiente vart skapt. Utbrot i historisk tid har skjedd sju gonger:

Under utbrotet i 1949 oppstod eit jordskjelv med episenter nær Jedy. Dette skapte ei 2,5 km lang revne i bakken. Ho er om lag ein meter brei og to meter djup (Rubio Bonelli, 1950).

I BBC-dokumentaren Horizon frå 2000 såg to geologar (Day og McGuire) på denne revna som bevis på at halve Cumbre Vieja hadde glidd mot havet (Day et al., 1999; Ward og Day, 2001). Dei meinte at prosessen vart driven av trykket som stigande magma skapte inne i strukturen på øya. Dei la fram ein hypotese om at under eit framtidig utbrot, så kan denne vestsida av Cumbre Vieja, med ein masse på om lag 1,5 x1015 kg, gli ut i havet. Dette vil i så fall potensielt skape ei enorm flodbølgje som dei kalla ein «megatsunami» med ei høgd på rundt 650-900 meter i området rundt øya. Ei slik bølgje vil gå utover Atlanterhavet og nå austkysten av Nord-Amerika, Karibia og nordkysten av Sør-Amerika seks til åtte timar seinare. Høgda på ei slik bølgje er estimert til 300 meter når ho når land på andre sida av Atlanteren og gå 25 km innover land, avhengig av topografien. Tsunami Society (Pararas-Carayannis, 2002) gav året etter ut ein rapport der dei peikar på fleire feilaktige påstandar i rapporten til britane, mellom anna at revna er mykje mindre omfattande enn det som er omtalt i dokumentaren og som modellane deira baserte seg på.

Dyre- og planteliv endre

Som resten av Kanariøyane har La Palma fleire endemiske artar.

Sjølv om store område er avskoga, er dei høgareliggande områda av La Plama bevart med temprert skyskog, eller laurisilva (laurbærskog), som er dominert av laurbærtre og einer, samt andre tre. Dette er ein rest av den subtropiske skogen frå pliocentida som dekte alle Kanariøyane.

Kanariøyfurua (Pinus canariensis) er endemisk for dei vestlege Kanariøyane.

Fleire dyr er endemiske for La Palma, inkludert:

I tillegg er det innført fleire dyr som kanin og berbersau, som er ein trugsel mot den endemiske floraen.

Eit biosfærereservat vart oppretta i 1983 og utvida i 1997 og 2002.

Historie endre

Då Kanariøyane vart koloniserte av europearane, var dei busette av innfødde kanarifolk, som ofte vert kalla guanchar. Opphavet til desse innfødde er uklårt, men ein trur dei deler same opphav som berberar i Nord-Afrika. Guanchane hadde ein steinalderkultur som var delt inn i fleire klanar leidde av høvdingar. Namnet deira på La Palma var Benahoare. Dei største restane etter denne kulturen er grottene deira med holemåleri og steinlagde stiar gjennom fjella. Etter at spanjolane overtok La Palma vart dei innfødde anten drepne eller seld som slavar, samt at dei vart assimilerte med den spanske folkesetnaden.

Ein meiner at Kanariøyane var kjende for fønikarane og grekarane, men den første skriftlege kjelda vart gjort av romaren Plinius den eldre, som siterte Juba II av Numidia. Den genuesiske sjømannen Lancelotto Malocello nådde øygruppa i 1312 og vart verande her i tjue år før han vart driven bort av dei innfødde. I 1404 starta spanjolane erobringa av øyane. Dei gjekk i land på La Palma første gong i 1404, men klarte først å ta ho etter mange blodige slag i 1493. Erobraren av La Palma var Alonso Fernández de Lugo, som slo Tanausu, den siste kongen på øya. Han styrte området kalla Acero (Caldera de Taburiente). Tanausu vart overfalt etter at han godtok ein våpenkvile med Fernández de Lugo og Juan de Palma, ein guanche som hadde vorte omvendt til kristendom og som var ein slektning av Tanausu.

Dei neste tiåra vart busetnadane på La Palma rike sidan øya fungerte som ein handelsstasjon på veg til Den nye verda. La Palma mottok immigrantar frå Castilla, Portugal, Mallorca, Flandern og Catalonia.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «La Palma» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2009.
  • Bonelli Rubio, J.M., 1950. Contribucion al estudio de la erupcion del Nambroque o San Juan. Madrid: Inst. Geografico y Catastral, 25 pp.
  • BBC 2 TV; 2000. Transcript “Mega-tsunami; Wave of Destruction”, Horizon. First screened 21.30 hrs, Thursday, 12 October, 2000.
  • Carracedo, J. C; 1994. The Canary Islands: an example of structural control on the growth of large oceanic-island volcanoes. J. Volcanol. Geotherm Res. 60, 225-241.
  • Carracedo, J. C; 1996. A simple model for the genesis of large gravitational landslide hazards in the Canary Islands. In McGuire, W: Jones, & Neuberg, J. P. (eds). Volcano Instability on the Earth og Other Planets. Geological Society, London. Special Publication, 110, 125-135.
  • Carracedo, J. C; 1999. Growth, Structure, Instability og Collapse of Canarian Volcanoes og Comparisons with Hawaiian Volcanoes. J. Vol. Geotherm. Res. 94, 1-19.
  • Day, S. J; Carracedo, J. C; Guillou, H. & Gravestock, P; 1999. Recent structural evolution of the Cumbre Vieja volcano, La Palma, Canary Islands: volcanic rift zone re-configuration as a precursor to flank instability. J. Volcanol. Geotherm Res. 94, 135-167.
  • La erupción del Nambroque : (junio-agosto de 1949) / por José Romero Ortiz y Juan Mª Bonelli Rubio Madrid : taleres del Instituto Geográfico y Catastral, 1951 100 p., 1h. pleg.;23 cm
  • Moore, J. G; 1964. Giant Submarine Landslides on the Hawaiian Ridge. US Geologic Survey Professional Paper 501-D, D95-D98.
  • Pararas-Carayannis, G; 2002. Evaluation of the Threat of Mega Tsumami Generation from Postulated Massive Slope Failure of Island Stratovolcanoes on La Palma, Canary Islands og on The Island of Hawaii. Science of Tsunami Hazards, Vol 20, No.5, pp 251–277.
  • Rihm, R; Krastel, S. & CD109 Shipboard Scientific Party; 1998. Volcanoes og landslides in the Canaries. National Environment Research Council News. Summer, 16-17.
  • Siebert, L; 1984. Large volcanic debris avalanches: characteristics of source areas, deposits og associated eruptions. J. Volcanol. Geotherm Res. 22, 163-197.
  • Ward, S. N. & Day, S. J; 2001. Cumbre Vieja Volcano; potential collapse og tsunami at La Palma, Canary Islands. Geophys. Res. Lett. 28-17, 3397-3400. http://www.es.ucsc.edu/~ward/papers/La_Palma_grl.pdf
  1. ISTAC «Instituto Canario de Estadistica» (spansk)

Bakgrunnsstoff endre