La Paz er den administrative hovudstaden i Bolivia og regionshovudstaden i La Paz-departementet. Byen har om lag 800.000 innbyggjarar i bysentrum (2008). Han ligg 3 600 moh., i ein dal ved Altiplano, og har saman med byen El Alto oppe på platået over 1,6 millionar innbyggjarar.

La Paz
Utsikt over sentrale La Paz.
Utsikt over sentrale La Paz.
Utsikt over sentrale La Paz.
Byvåpenet til La Paz
Styresmakter
Land Bolivia
Grunnlagd 1548
Borgarmeister Luis Antonio Revilla Herrero
Geografi
Flatevidd 472 km²
Flatevidd
 - By

472 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

877,363
  6,275.16/km²
Koordinatar 16°30′S 68°09′W / 16.500°S 68.150°W / -16.500; -68.150
Høgd over havet 3640 m
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Diverse anna
Heimeside: http://www.lapaz.bo/
Nettstad: www.lapaz.bo

Byen blei grunnlagd i 1548 av Alonso de Mendoza på ei innfødd busetjing som heitte Chuquiago. Han fekk namnet Nuestra Señora de La Paz, «Vår Frue av Freden», for å minnast freden etter eit opprør leia av Gonzalo Pizarro mot den første visekongen av Peru, Blasco Núñez Vela. I 1825, då dei peruanske republikanarane vann ein avgjerande siger over spanske styrkar ved Ayacucho, fekk byen det fulle namnet La Paz de Ayacucho.

Geografi endre

Byen ligg ved elva Chokeyapu i ein ca 400 meter djup elvedal, canyon, som skjærer ned frå kringliggjande høglandet Altiplano. Like ved, på høgda vest for La Paz finn ein satellittbyen El Alto, der ligg òg flyplassen La Paz El Alto på 4 058 moh. Totalt er det ei skilnad i høgd på ca 1 000 meter frå El Alto ned til bydelane lengst sør i dalen. Det finst ein klar samanheng mellom geografi og sosial status for dei ulike bustadstrøk i La Paz; jo lågare bustaden ligg, jo mindre fattigdom og høgare status. I dei lågaste områda er det i gjennomsnitt ca 6 grader varmare enn opp på platået, høgdsjuke er òg eit mindre problem nede på 3 000 moh.

Fjellet Illimani (6 462 m) med tre toppar dominerer horisonten. Med fantasi kan ein sjå bilete i fjellsida av ein mann, ei kvinne, eit barn og ein lama.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: La Paz