La-Ronciere-øya (russisk Остров Ла-Ронсьер, Ostrov La-Ronsier) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho vert òg stundom kalla Ronserøya.

Plasseringa til Frans Josefs land

La Ronciere-øya har eit areal på 478 km². Ho ligg ved 81° N og 61° E. Det høgaste punktet er 431 meter over havet. Ho er nesten heilt dekt av is bortsett frå to små område på kysten i nordaust og i vest.

La Ronciere-øya ligg nord for Wilczek land og mellom dei ligg eit 8 km breitt sund.

Øya vart namngjeve av den austerrisk-ungarske nordpolekspedisjonen etter kaptein La Ronciere Le Noury, ein fransk kurer for keisar Frans Josef av Austerrike-Ungarn.

På nokre kart står La Ronciere-øya som Whitneyøya etter den amerikanske polfararen Harry Whitney. Namnet vart gjeve under Ziegler-Fiala-ekspedisjonen, men dei austerriksk-ungarske utforskarane namngav øya først.

Nærliggande øyar endre

  • 6 km sørvest for La Ronciere-øya og 4 km nord for Wilczek land ligg den vesle øya Ostrov Geidzj (Остров Гейдж) eller Geddesøya. Ho er berre om lag 1 km lang og vart kalla opp etter den skotske polarforskaren sir Patrick Geddes. Øya vart òg kalla Haydenøya (Остров Гайдана; Ostrov Gajdana) etter den amerikanske geologen Ferdinand Vandeveer Hayden av Ziegler-Fiala-ekspedisjonen.

Kjelder endre