La cambiale di matrimonio

La cambiale di matrimonio (Ekteskapskontrakten) er ein komisk opera i ei akt av Gioachino Rossini til ein libretto av Gaetano Rossi. Librettoen er basert på eit skodespel av Camillo Federici (1791) og på ein tidlegare libretto skriven av Giuseppe Checcherini til ein opera av Carlo Coccia frå 1807, Il matrimonio per lettera di cambio. Operaen hadde premiere den 3. november 1810 på Teatro San Moisè i Venezia.[1]

La cambiale di matrimonio
Språkitaliensk
Sjangeropera
Utgitt19. hundreåret
Uroppføring3. november 1810

Rossini komponerte operaen på eit par dagar då han var 18 år gammal. La cambiale di matrimonio var den fyrste profesjonelle operaen hans. Ouverturen, som han skreiv då han var elev ved Liceo Musicale i Bologna, er ein viktig del av det moderne konsertrepertoaret.[1]

Roller

endre
Rolle Stemmetype Originalbesetning i 1810[2]
Tobias Mill, ein engelsk kjøpmann Bass Luigi Raffanelli
Fanny, dottera hans Sopran Rosa Morandi
Edward Milfort, elskaren til Fanny Tenor Tommaso Ricci
Slook, ein kanadisk kjøpmann Bass Nicola Dei Grecis
Norton, kontorassistenten til Mill Bass Domenico Remolini
Clarina, kammertenaren til Fanny Mezzosopran Clementina Lanari

Handling

endre
 
Framsida til librettoen, 1810

I ein engelsk by på 1700-talet får den lokale kjøpmannen, Tobias Mill, ei ektepakt frå ein kanadisk forretningsmann, Mr. Slook. Sjølv om han er ganske overraska, fortel Mill tenarane sine Norton og Clarina, at han aktar å godkjenna kontrakten på vegner av dottera si Fanny. Då Fanny og den fattige elskaren hennar Edward Milfort høyrer om dette, sver Milfort på å gjera motstand. Slook kjem til og er overraska over velkomsten han får, og Mill sitt ønske om å fullbyrda ekteskapet straks. Slook vender seg til Fanny i ein duett som snart blir utvida til ein trio då Milfort sluttar seg til og trugar Slook med vald om han ikkje dreg frå byen med det same. Slook tilbyd deretter å trekka seg frå kontrakten, men Mill føler seg krenka og utfordrar han til ein duell. Slook gjer så Milfort til arvingen sin og førebur seg på å forlata byen. Fanny og Milfort er takknemlege. Mill, som endå ikkje kjenner planen, rasar ut i ein scene før alt blir avslørt og operaen endar med ein fest.

Rossini brukte opp att duetten «Dunque io son» med større effekt første akt til Il barbiere di Siviglia.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Osbourne, Richard: "Cambiale di matrimonio, La", Grove Music Online, ed. L. Macy (Hentet den 21. marts 2008), <http://www.grovemusic.com Arkivert 16. maj 2008 ved Wayback Machine.>
  2. «Information om originalbesætningen er hentet på AmadeusOnline.net». Arkivert frå originalen 29. september 2008. Henta 16. juni 2010. 
  3. Warrack, John & West, Ewan: "Cambiale di matrimonio, La", The Concise Oxford Dictionary of Opera, Oxford University Press, 1996, Oxford Reference Online (Hentet den 21. marts 2008), <http://www.oxfordreference.com>

Bakgrunnsstoff

endre