Lademoen kyrkje

kyrkje i Trondheim

Lademoen kyrkje frå 1905 er i Trondheim kommune i Sør-Trøndelag. Kyrkja er ei slags krosskyrkje, men tverrarmane har ulik lengde, og møbleringa er som i ei langkyrkje. Kyrkja vart teikna av Ole Stein, og Ingvald Alstad var utførande arkitekt.

Lademoen kyrkje
kyrkje
Foto: Petr Šmerkl
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Nidaros domprosti
Sokn Lademoen
Fellesråd Trondheim
Arkitekt Ole Stein og Ingvald Alstad
Material Teglstein forblenda med granitt[1]
Innvigd 15. november 1905
 - Endringar 1954–56, 1986
Tårn Asymmetrisk plassert
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1905
Kyrkjegard 2-300 meter aust for kyrkja
Preikestol 1905
Døypefont Av kleberstein, 1905 (laga av Ludvig Olsen)
Altartavle Gabriel Kielland, 1905 (motiv: Jesus og disiplane i Emmaus)
Orgel Adolf Fosnæs, 1905 (rest. Theodor Zuber 2005)
Sitjeplassar 500
Diverse Glasmåleri av Gabriel Kielland, 1905. Bronserelieff av Kristoffer Leirdal.
Kart
Lademoen kyrkje
63°26′14″N 10°25′49″E / 63.4371°N 10.4303°E / 63.4371; 10.4303
Wikimedia Commons: Lademoen kirke

I 1954-56 var kyrkja stengd medan ho vart betre fundamentert. Interiøret vart endra ein god del i 1986, og kyrkja har vorte restaurert utvendig og innvendig på 2000-talet.

Mykje av det sentrale inventaret er på alder med kyrkja, men kyrkjesalen er møblert med stolar i staden for kyrkjebenkar. Orgelet frå 1905 vart restaurert til hundreårsjubileet i 2005.

Kyrkjegard med gravkapell er eit par hundre meter aust for kyrkja.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Øverland (2012), s. 20, har ein liten diskusjon om kva slags stein som eigentleg er brukt.