Lag som militær eining

Denne artikkelen handlar hovudsakleg om den militære tydinga av lag. For å lese alternative artiklar sjå lag i tydinga klubb og foreining.

Eit lag eller avsnitt eller team er ei gruppe personar som opptrer samla for å utføre ei oppgåve. Det kan vere ei arbeidsoppgåve; f.eks. i yrkes- eller studiesamanheng; ein idrett eller ei anna form for konkurranse. Laget kan leiast av ein lagførar som også er laget sin tillitsperson.

Eit lag eller avsnitt er også det lågaste nivået for militære einingar. Eit lag som militær eining blir gjerne leia av ein sersjant eller korporal og består av frå 5 til 12 personar. Laget kan delast opp vidare i patruljer for å utføre konkrete oppdrag.