Ein lagringsring er ein del av ein partikkelakselerator. Han er ein ringforma kanal der ein straum av elektrisk ladde partiklar kan flytte seg i ein lukka bane i lang tid utan å tape energi.

Den 216 m lange lagringsringen inne i Australian Synchrotron-anlegget.

Etter at partiklane har oppnådd høg energi i ein akselerator, vert det nytta kraftige magnetar for å halde dei i bane. Dei kan samlast opp frå akseleratoren over eit langt tidsrom, og stråla i lagringsringen vil difor innehalde fleire partiklar enn den tilsvarande direkte stråla frå akseleratoren. For å kompensere for den energien partiklane stråler ut når dei rører seg i ein krum bane (synkrotronstråling), må dei under lagringa kontinuerleg tilførast energi på same måte som i ein synkrotron.

Kjelder endre