Lake Placid (engelsk: placid (adjektiv) = roleg, koseleg) er ein feriestad i Essex County i delstaten New York i USA. Staden hadde 2 638 innbyggarar i 2000, og vert ofte nemnt i samband med Nord-Elba, det opphavlege namnet på området. Nord-Elba er i dag nabobyen til Lake Placid.

Lake Placid
Hovudgata i Lake Placid

Lake Placid ligg i regionen High Peaks i Adirondack-fjella. Her er to innsjøar: Lake Placid og Mirror Lake. Store delar av denne fjellrike regionen vart vedteke verna i 1892. Adirondack Park er det største naturreservatet i USA utanfor Alaska, og dekker ca ein femdel av arealet i delstaten New York.

Turisme endre

Lake Placid er ein heilårs feriestad med ei rekke sportslege aktivitetar. OL-anlegga rundt turistbyen er i bruk mykje av året. Vinteren er høgsesongen, då kan alle OL-anlegga brukast. OL-anlegga er fire i talet; skeisebana i sentrum, bobsleighbana, langrennssenteret på Mount Van Hoevelberg og alpinløypene på Whiteface Mountain. Dei kringliggjande Adirondack-fjella er eit populært område for turgåarar.

Sidan 1999 har tevlinga Ironman USA årleg vorte arrangert i Lake Pacid. Denne triatlontevlinga går over lange distansar; 3,86 km symjing, 180,2 km sykling, 42 195 meter springing.

Olympiske leikar endre

Dei olympiske vinterleikane vart avvikla i Lake Placid både i 1932 og 1980. Saman med St. Moritz i Sveits og Innsbruck i Austerrike er Lake Placid ein av tre stader som har arrangert vinter-OL to gongar. Innsbruck har i tillegg arrangert vinter-OL for ungdom éin gong.

Kunstløparen Sonja Henie, kombinertrennaren Johan Grøttumsbråten og skihopparen Birger Ruud var dei norsk gullvinnarane i 1932. Bjørg Eva Jensen vann det einaste norske OL-gullet i 1980, då ho sigra i 3000 meter lengdeløp.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre