Lake Vida er ein hypersalt innsjø i Victoria Valley, den nordlegaste av dei store McMurdo Dry Valleys i Antarktis. Han er isolert av eit evig isdekke og vatnet er saltare enn sjøvatn. Han vart offentleg kjend i 2002 då mikrobar hadde lege i isen her meir enn 2 800 år og vart så tint og vekt til live att.

Lake Vida
innsjø
Land  Antarktis
Tilsig Victoria River
Utløp ingen
Nedslagsfelt Vida Basin km²
Stad Victoria Land
 - høgd 349 moh.
 - koordinatar 77°23′S 161°56′E / 77.383°S 161.933°E / -77.383; 161.933
Lengd 5,4 km
Breidd 1,7 km
Areal 6,8 km²
Type endorheisk
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Lake Vida
77°23′00″S 161°56′00″E / 77.383333333333°S 161.93333333333°E / -77.383333333333; 161.93333333333
Lake Vida is located in Antarktis
Lake Vida (Antarktis)
Wikimedia Commons: Lake Vida

Oversyn endre

Lake Vida er ein av dei største innsjøane i McMurdo Dry Valley og er ein lukka endorheisk innsjø. Den permanente isflata på innsjøen er den tjukkaste isen på jorda som ikkje er ein del av ein isbre, med ein tjukkleik på minst 21 meter. Isen i djupna er metta med saltlake som er sju gonger så salt som sjøvatn.[1] Det høge saltinnhaldet gjer at saltlaken er flytande sjølv i ein årleg middeltemperatur i vatnet på -13 ºC. Isen har forsegla saltlaken frå luft og vatn over i tusenvis av år og skapt ein tidskapsel for gammalt DNA. Denne kombinasjonen gjer at Lake Vida har eit unikt økosystem på jorda.[2]

Innsjøen vart kjend i desember 2002 då eit forskingslag, leia av Peter Doran frå University of Illinois, annosnerte at dei hadde funne 2800 år gamle halofile mikrobar (hovudsakleg tråda cyanobakteriar) bevart i iskjerneprøvar som vart henta opp i 1996.[3] Mikrobane kom til liv att då dei tinte, voks og reproduserte seg. Lake Vida er derfor interessant for forskarar på klimaet på jorda og liv under ekstreme tilhøve, særleg fauna som kunne ha eksistert på Mars. Vêrstasjonen ved Lake Vida overvaker klimatilhøva kring innsjøen året rundt for slike vitskaplege studiar.[4][5]

Det vart oppretta ein feltleir, betalt av National Science Foundation, for å undersøke mikrobiologi og geokjemi i Lake Vida.[6]

Hydrologi endre

Lake Vida har minst tre namngjevne tilsig med Victoria River, Kite Stream og Dune Creek. Victoria River flyt gjennom Vida Basin og Victoria Valley i Victoria Land når den øvre Vitoriabreen smeltar, 7 km mot nordvest, og flyt ut i vestenden av Lake Vida. Kite Stream ligg òg i Vida Basin og er òg tørrlagt i periodar utanom når den nedre Victoriabreen smeltar, og ut i austenden av Lake Vida. Karta til US Geological Survey syner opp til ni tilsig eller utløp ved Lake Vida, inkludert Victoria River og Kite Stream. Dei er vanlegvis tørre på grunn av årlege temperaturar ned mot -30 ºC ved Lake Vida. Smeltevatnet flyt nokre få veker om sommaren, når temperaturen stig nok til at dei nærliggande isbreane smeltar. McMurdo Dry Valleys er klassifisert som ekstrem ørken og får mindre enn 10 cm snø i året. Denne snøen byggjer opp dei nærliggande isbreane.

I nærleiken av Lake Vida finst isbrear, andre innsjøar, dalar, ryggar og fjelltoppar. Det er kring 25 namngjevne isbrenar innanfor ein radius på 5 km som Victoriabreen, Packardbreen, Clarkbreen og Cliobreen. Innanfor same området ligg det kring 14 namngjevne ryggar og 16 dalar.

Historie endre

Lake Vida ligg nord for Mount Cerberus i Victoria Valley i Victoria Land. Han vart namngjeven av Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (1958–59) etter Vida (Vaida), ein sledehund under Nimrod-ekspedisjonen i 1910-13.[7] Ein trudde opphavleg at Lake Vida var botnfrosen.[8]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Doran PT, Fritsen CH, McKay CP, Priscu JC, Adams EE (januar, 2003). «Formation and character of an ancient 19-m ice cover and undersom ligg trapped brine in an «ice-sealed» east Antarktis lake». Proc. Natl. Acad. Sci. U.S.A. 100 (1): 26–31. PMC 140872. PMID 12518052. doi:10.1073/pnas.222680999. Lay summaryNature Science Update (17 desember 2002). «Figure 1: Bathymetric map of Lake Vida» 
  2. Desert Research Institute Arkivert 2006-05-26 ved Wayback Machine. frå homepage of Annika Mosier
  3. National Science Foundation press release for Doran et al. (2003)
  4. Lake Vida Meteorologi Station[daud lenkje]
  5. 360° Panorama Arkivert 2006-09-03 ved Wayback Machine. frå Lake Vida Meteorologic Station
  6. «Digging deeper nedanfor Antarktis's Lake Vida». PhysOrg.com. September 14, 2009. 
  7. Australian Antarctic Data Centre SCAR Gazetteer Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. Reference No 15493
  8. Synthetic Aperture Radar detection of changes in ice and soil surfaces, McMurdo Dry Valleys in Antarctica (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 18. august 2006, henta 22. februar 2014 

Bakgrunnsstoff endre

Om innsjøen
Bilete