Lamido er ein tradisjonell tittel for ein konge, hovding, sultan eller emir i det nordlege Kamerun og det nordlege Nigeria. Ordet kjem av fulfulde laamiiɗo, fleirtal laamiiɓe, og er eit perfektivt partisipp i O-klassen (personar i eintal) og ƁE-klassen (personar i fleirtal) av verbet laamoo 'styre, regjere'. Tidlegare hadde dei både politisk, juridisk og religiøs makt. I kolonitida styrte dei europeiske kolonimaktene indirekte gjennom lamidoane og deira administrasjon. Etter at Kamerun og Nigeria blei sjølvstendige statar, har den politiske makta deira blitt stadig mindre.

Den store moskeen til lamidoen i byen Ngaoundéré i regionen Adamaoua i Kamerun.

Kjelder endre