Land i Eurovision Song Contest

Wikimedia-listeartikkel

Land i Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Eurovision Song Contest. 51 land har delteke i Eurovision Song Contest sidan tevlinga starta i 1956. Av desse har 25 vunne tevlinga. Eurovision Song Contest, organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), vert arrangert årleg.

██ Land som debuterte i 1950-åra. ██ Land som debuterte i 1960-åra ██ Land som debuterte i 1970-åra ██ Land som debuterte i 1980-åra ██ Land som debuterte i 1990-åra ██ Land som debuterte i 2000-åra 1: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991
2: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991 og seinare Serbia og Montenegro frå 2004 til 2005
██ Land som har delteke i tevlinga ██ Land som kan delta i tevlinga ██ Land som skulle delta i tevlinga

Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i EBU. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten, Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia og Marokko som ligg i Nord-Afrika. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av territoriet sitt i Europa, delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan. To av landa som tidlegare har søkt om å få delteke: Libanon som ligg i Vest-Asia og Tunisia som ligg i Nord-Afrika, ligg òg utanfor Europa. Qatar som ligg i Vest-Asia har òg vist sin interesse for å delteke. I 2015 fekk Australia i Oseania delteke i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde, ikkje er medlem av Europarådet og ikkje er aktivt meldem i Den europeiske kringkastingsunionen.[1]

Talet på land som har delteke kvart år har vakse jamnt og trutt, frå sju i 1956 til over 20 i slutten av 1980-åra. Ettersom talet deltakarar har auka, har det mellom anna vorte arrangert kvalifiseringar. I 1993 vart Kvalifikacija za Millstreet arrangert i Slovenia. Då tevla sju austeuropeiske land om dei tre siste plassane i finalen i Irland. Etter 1993 vart det bestemt at dei seks landa med dårlegast poengsum ikkje fekk delteke i tevlinga året etter. I 1996 vart det introdusert eit nytt system. Lydopptak av alle dei 29 deltakarane vart sendt til dei nasjonale juriane. Dei 22 songane som fekk høgast plassering av juriane fekk delteke i Eurovision Song Contest. Vertslandet Noreg var direkte kvalifisert til finalen. Frå 1997 til 2001 vart det nytta eit system som gjorde at det landa med lågast gjennomsnittleg poengsum over dei fem føregåande åra ikkje fekk delteke. Kvart land kunne ikkje verte halden utanfor tevlinga i meir enn eitt år, før dei fekk vere med att.

Mellom 2001 og 2003 vart systemet frå 1994 og 1995 nytta. I 2004 vart det arrangert ein semifinale. Dei ti landa høgast poengsum frå året før kvalifisert seg for finalen, saman med «Dei fire store»: dei største økonomiske bidragsytarane til EBU. Alle dei andre landa deltok i semifinalen. Ti land kvalifiserte seg frå semifinalen, og det vart då 24 land i finalen. I 2008 vart det arrangert to semifinalar der alle landa, utanom vertslandet og «Dei fire store», deltok.

Nokre land, som Tyskland og Storbritannia, har delteke om lag kvart år, i motsetnad til Marokko, som berre har delteke ei gong. To land, Tunisia og Libanon, har forsøkt å delteke, men trekte seg før finalen. Liechtenstein, som ikkje er medlem i EBU, forsøkte å delteke i 1969, 1976 og 2011 uten å lukkast. I 2010 fekk dei lov å delteke, men deltok ikkje grunna finansielle problem.

Deltakarar endre

Debutår Land Deltakingar Vinnar Kringkastar
1956   Belgia 55 1 1956–i dag: Vlaamse Radio- en Televisieomroeporganisatie (VRT, nederlandsk)
1956–1960: Institut national belge de radiodiffusion (I.N.R., fransk)
1960–1977: Radio-Télévision belge (R.T.B., fransk)
1977–2010: Radio-Télévision belge de la Communauté française (RTBF, fransk)
2010–i dag: Radio-Télévision belge de la Communauté française (RTBF.be, fransk)
1956   Frankrike 56 5 1956–1964: Radiodiffusion-Télévision Française (RTF, fransk)
1965–1974: Office de Radiodiffusion Télévision Française (ORTF, fransk)
1975–1981: TF1 (fransk)
1983–1992: Antenne 2 (fransk)
1993–1998: France 2 (fransk)
1999–i dag: France 3 (fransk)
1956   Vest-Tyskland (1956–1990)
  Tyskland (1991–i dag)
57 2 1956–i dag: Norddeutscher Rundfunk (NDR, tysk)
1956–i dag: Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland (ARD, tysk)
1956   Italia 39 2 1956–i dag: RAI Radiotelevisione Italiana (RAI, italiensk)
1956   Luxembourg 37 5 1956–1972: Télé-Luxembourg (fransk)
1972–1982: RTL Télé Luxembourg (fransk)
1982–1991: RTL Télévision (fransk)
1991–1995: RTL TV (fransk)
1995–i dag: RTL9 (fransk)
1956   Nederland 54 4 1956–1969: Netherlands Television Service (NTS, nederlandsk)
1970–2009: Nederlandse Omroep Stichting (NOS, nederlandsk)
2010–2013: Televisie Radio Omroep Stichting (TROS, nederlandsk)
2014: AvroTros (nederlandsk)
1956   Sveits 54 2 1956–i dag: SRG SSR (tysk, fransk, italiensk og retoromansk)
1957   Austerrike 46 1 1957–1958: Österreichisches Rundspruchwesen (tysk)
1958–i dag: Österreichischer Rundfunk (ORF, tysk)
1957   Danmark 42 3 1957–1959: Statsradiofonien (dansk)
1959–1996: Danmarks Radio (DR, dansk)
1996–i dag: DR (dansk)
1957   Storbritannia 56 5 1957–i dag: British Broadcasting Corporation (BBC, engelsk)
1958   Sverige 53 5 1958–1979: Sveriges Radio (SR, svensk)
1980–i dag: SVT (svensk)
1959   Monaco 24 1 1959–1963: Télé Monte Carlo (fransk)
1963–1993: TMC (fransk)
1993–2001: Monte-Carlo TMC (fransk)
2001–2004: TMC (fransk)
2004–2009: TMC Monte-Carlo (fransk)
2009–i dag: TMC (fransk)
1960   Noreg 52 3 1960–i dag: Norsk rikskringkasting (NRK, norsk)
1961   Finland 47 1 1961–i dag: Yleisradio (Yle, finsk)
1961   Spania (1961–1976)
  Spania (1977–1981)
  Spania (1982–i dag)
53 2 1961–i dag: Corporación de Radio y Televisión Española (RTVE, spansk)
1961   Jugoslavia (1961-1991)
  Jugoslavia (1992)
25 1 1961–1992: Jugoslavenska radiotelevizija (JRT, serbokroatisk og slovensk)
1964   Portugal 45 0 1964–1976: Emissora Nacional de Radiodifusão (portugisisk)
1976–2004: Radiodifusão Portuguesa/Radiotelevisão Portuguesa (portugisisk)
2004–i dag: Rádio e Televisão de Portugal (RTP, portugisisk)
1965   Irland 47 7 1965–i dag: Raidió Teilifís Éireann (RTÉ, engelsk)
1971   Malta 26 0 1971–1975: Malta Television Service (engelsk)
1975–1993: Xandir Malta (XM, engelsk)
1993–i dag: Public Broadcasting Services (PBS, engelsk)
1973   Israel 36 3 1973–i dag: Rashùt Ha-Shidúr (IBA, hebraisk)
1974   Hellas (1974)
  Hellas
34 1 1974–2013: Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT, gresk)
2014–i dag: Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi (NERÍT, gresk)
1975   Tyrkia 34 1 1975–i dag: Türkiye Radyo ve Televizyon Kurumu (TRT, tyrkisk)
1980   Marokko 01 0 1980–i dag: SNRT (arabisk)
1981   Kypros 31 0 1981–i dag: Radiofonikó Ídrima Kýprou (RÍK, gresk)
1986   Island 26 0 1986–i dag: Ríkisútvarpið (RÚV, islandsk)
1993   Bosnia-Hercegovina (1993–1997)
  Bosnia-Hercegovina (1998–i dag)
18 0 1993–1995: Radiotelevizija Bosne i Hercegovine (RTV BiH)
1995–2000: Bosanskohercegovačka televizija (BHT, bosnisk)
2000–2004: Javni radiotelevizijski servis Bosne i Hercegovine (PBS HiB, bosnisk)
2004–i dag: Bosanskohercegovačka radiotelevizija (BHRT, bosnisk)
1993   Kroatia 21 0 1993–i dag: Hrvatska radiotelevizija (HRT, kroatisk)
1993   Slovenia 19 0 1993–i dag: Radiotelevizija Slovenija (RTV SLO, slovensk)
1994   Estland 19 1 1994–2007: Eesti Televisioon (ETV, estisk)
2007–i dag: Eesti Rahvusringhääling (ERR, estisk)
1994   Ungarn 11 0 1994–2010: Magyar Televízió (MTV, ungarsk)
2011–i dag: Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA, ungarsk)
1994   Romania 15 0 1994–i dag: Societatea Românǎ de Televiziune (TVR, rumensk)
1994   Polen 16 0 1994–i dag: Telewizja Polska (TVP, polsk)
1994   Litauen 14 0 1994: Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT, litauisk)
1994   Slovakia 07 0 1994–2010: Slovenská televízia (STV, slovakisk)
2011–i dag: Rozhlas a televízia Slovenska (RTVS, slovakisk)
1994   Russland 17 1 1993–1997: RTR (russisk)
1997–1998: RTR1 (russisk)
1998–2002: RTR (russisk)
2002–2010: Russia (russisk)
2010–i dag: Rossiya 1 (russisk)
1995–2002: Obsjtsjestvennoje Rossijskoe Televidenie (ORT, russisk)
2002–i dag: Pervyj Kanal (russisk)
1998   Makedonia 13 0 1998–i dag: Makedonska radio televizija (MRT, makedonsk)
2000   Latvia 14 1 2000–i dag: Latvijas Televīzija (LTV, latvisk)
2003   Ukraina 11 1 2003–i dag: Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny (NTU, ukrainsk)
2004   Kviterussland 10 0 2004–i dag: Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB, kviterussisk og russisk)
2004   Albania 10 0 2004–i dag: Radio Televizioni Shqiptar (RTSH, albansk)
2004   Andorra 06 0 2004–i dag: Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA, katalansk)
2004   Serbia og Montenegro (2004–2005, røysta i 2006) 02 0 2004–i dag: Udruženje javnih radija i televizija (UJRT, serbisk)
2005   Bulgaria 09 0 2005–i dag: Bŭlgarska natsionalna televiziya (BNT, bulgarsk)
2005   Moldova 09 0 2005–i dag: TeleRadio-Moldova (TRM, moldovsk)
2006   Armenia 07 0 2006–i dag: Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun (AMPTV, armensk)
2007   Georgia 06 0 2007–i dag: Sakartvelos sazogadoebrivi mauts'q'ebeli (SSM, georgisk)
2007   Tsjekkia 03 0 2007–i dag: Česká televize (ČT, tsjekkisk)
2007   Montenegro 05 0 2007–i dag: Radio televizija Crne Gore (RTCG, montenegrinsk)
2007   Serbia (2007–2010)
  Serbia (2011–i dag)
07 1 2007–i dag: Radio-televizija Srbije (RTS, serbisk)
2008   Aserbajdsjan 06 1 2008–i dag: İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV, aserbajdsjansk)
2008   San Marino (2008–2011)
  San Marino (2012–i dag)
04 0 2008–i dag: Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV, italiensk)
2015   Australia 00 0 2015: Special Broadcasting Service (SBS, engelsk)


Land som ikkje har delteke endre

Land som trekte seg endre

Land Notar
  Libanon Libanon skulle debutere i 2005, men trekte seg fordi dei måtte vise bidraget til Israel. Landet fekk ein straff på tre års utestenging frå tevlinga fordi dei ikkje deltok, sjølv om dei meldte seg på.
  Tunisia Tunisia skulle debutere i 1977 og starte som nummer fire i finalen, men trekte seg ein kort stund før tevlinga utan nokon forklaring.

Land som har vist interesse endre

Land Notar
  Algerie Algerie vil delteke, men det finst motstand i landet mot å stille opp så lenge Israel er med.
  Kasakhstan Kasakhstan er ikkje medlem i EBU og kan difor ikkje delteke. Den nasjonale krinkastaren sendte tevlinga i 2010.
  Kosovo Kosovo prøvde å debutere i 2009, etter sjølvstende frå Serbia, men fordi den nasjonale kringkastaren ikkje var medlem i EBU vart det stopp for planane. Sjølv om fleire land har erkjend sjølvstende til Kosovo, er det ikkje sjølvstende erkjendt internasjonalt av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN) og EU, noko som gjer det vanskelegare for Kosovo å verte medlem i EBU.
  Liechtenstein Liechtenstein prøvde å debutere i 1969, men fekk ikkje lov å delteke fordi dei ikkje hadde nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU. Dei hadde valt ut artist og song, sjølv om dei ikkje hadde meldt seg på. Landet prøvde også å debutere i 1976, men dei hadde enno ikkje nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU, men Sveits tilbød seg å delteke med same flagg som Liechtenstein. Landet hadde valt song og artist, men fekk ikkje lov av arrangørene i Nederland til å delteke. Dei fekk lov å debutere i 2010, men deltok ikkje grunna finansielle problem. Då landet prøvde å debutere i 2011 fekk dei ikkje lov til å delteke.
  Palestina Palestina er ikkje medlem i EBU og får difor ikkje delteke. Landet har vist interesse av å delteke.
  Qatar Qatar er inaktivt medlem i EBU. Landet har vist interesse for å delteke, ettersom landet sendte ein ikkje-tevlingsdelegasjon til tevlinga i 2009.
  Sovjetunionen Sovjetunionen har aldri delteke i tevlinga, men ville debutere i 1987. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst, har ti av dei tidlegare sovjetiske republikkane delteke i tevlinga: Russland, Estland, Litauen, Latvia, Ukraina, Kviterussland, Moldova, Armenia, Georgia og Aserbajdsjan. Fem av landa har òg vunne tevlinga.
  Wales Wales har ynskt å delta i tevlinga, og dei har arrangert ein nasjonal finale sidan 1969. Landet har derimot delteke saman med England, Skottland og Nord-Irland under namnet Storbritannia sidan 1957.

Land som ikkje har vist interesse, men kan delteke endre

Land Notar
  Egypt
  Jordan Jordan har sendt tevlinga ved nokon tilfellar, men sensurerar bort bidrget til Israel, noko som ikkje er lov om ein skal delteke i tevlinga.
  Libya
  Vatikanstaten Vatikanstaten har ikkje interesse av å delteke fordi den nasjonale kringkastaren berre sender religiøse sendingar på latin.

Kjelder endre

  1. «Australia to compete in the 2015 Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 21. april 2015.