Landskapsmåleri er biletleg skildring av naturformasjonar som fjell, dalar, elvar og skog, særleg der hovudmotivet viser eit vidt syn med elementa arrangert i ein samanhengande komposisjon. I andre måleri kan ein landskapsbakgrunn for figurar også vere ein viktig del av biletet. Himmelen er nesten alltid med i eit landskapsmåleri, og vêret er ofte eit element i komposisjonen. Detaljerte landskap som eit eige fagområde finst ikkje i alle kunsttradisjonar. Dei to viktigaste tradisjonane frå vestlege måleri og kinesisk kunst, går tilbake godt over tusen år i begge tilfella. Landskapsfotografi har vore viktig sidan det 19. hundreåret.

Historie endre

 
Lanskap med ei scene frå Odysseen, Roma, ca. 60-40 f. Kr.
 
Zhan Ziqian, Reike rundt om våren, eit veldig tidleg kinesisk landskap, ca. 600

Dei tidlege kunstformene skildrar lite som eigentleg kan kallast landskap, sjølv om bakkelinjer og indikasjonar på fjell, tre eller andre naturformasjonar nokre gongar er med i biletet. Dei fyrste "reine landskapa" utan menneskelege figurar er freskomåleri frå det minoiske Hellas rundt 1500 f.Kr.[1] Jaktscener i Nildeltaet frå Egypt i oldtida, kan gje ei sterk kjensle av landskap, men det vert lagt vekt på forma på plantar, menneske og dyrefigurar og ikkje på landskapet. Ein del romerske landskapsmåleri frå det første hundreåret f.Kr. og framover har overlevd, særleg freskomåleri som dekor i rom har vort bevart i arkeologiske byar som Pompeii, Herculaneum og andre stader, og som mosaikk.[2]

Den kinesiske tradisjonen med blekkmåleri, shan shui ("fjell-vatn"), der det einaste teiknet på menneskeliv vanlegvis er ein vismann, eller eit glimt av hytta hans, brukar landskapet som bakgrunn for å framheve individet. Landskapskunst frå perioden fått status som klassisk og har vorte mykje etterlikna i kinesisk målarkunst.

Både den romerske og den kinesiske tradisjonen viser ofte store panorama av imaginære landskap. Ofte vert uttrykket forsterka av ei rekke spektakulære fjell; i Kina gjerne med fossefall, og i romarriket gjerne med hav, innsjøar eller elvar. Desse vart ofte nytta for å bygge bru over gapet mellom ei forgrunnsscene med figurar og den vide utsikta.

Døme på vestlege måleri endre

Kjelder endre

  1. Honour & Fleming, 53.
  2. Honour & Fleming 150-151
  • Hugh Honour og John Fleming, A World History of Art, 1. utg. 1982 & seinare utg., Macmillan, London, sider viser til paperback-utg. frå 1984 ISBN 0-333-37185-2

Bakgrunnsstoff endre