Langbein og sønn

Goof Troop, kalla Langbein og sønn på norsk, er ein amerikansk teiknefilmserie som vart produsert av The Walt Disney Company frå 1992 til 1993. Den handlar om Goofy (Langbein) og sonen hans Max og livet deira i byen «Spoonerville» (i teikneseriane bur Langbein i Andeby). Andre medverkande er naboane «Black Pete» (Svarte-Petter) og sonen hans P.J. (Pelle). Det er vorte laga to filmar om serien, A Goofy Movie (norsk En langbeint film) og An Extremely Goofy Movie (En ekstremt langbeint film). I Noreg vert serien sendt på Disney Channel.

Kjelder endre